"2 Fas open delta" hva er det?
Det er kanskje ikkje eit 100% korrekt begrep, men vi forstår det som 2 aktive laster der det i normal 3 fase trekant ('delta') kobling skulle vere 3 laster. Den eine sida i trekanten mangler, altså 'åpen trekant' (eller "open delta").
Dette oppstår fordi bilar med 3 ladetrinn som kan koplast på 3-fase +N forutset at N er eit felles punkt for dei 3 trinna. I 230V IT nett manglar ein N, men koplar då ein 230V fase til N. Då har ein ikkje nok fasar til å kople til alle 3 trinna, og endar med 2. Unntaket er TeslaM3 som kan kople 3 fas full trekant internt, uten N. ( en kuriøsitet...)
Forumet har hatt dette oppe før, men nemner det likevel:
Ein annan ting å vere obs på er at N punktet får ein samla strøm større enn kvar faselast. Feks ved 16A gjennom ladetrinna blir sum strøm i N punktet ca 28A. Her skal ein passe på at bil er dimmensjonert for dette og feks ikkje kun 16A, som KAN vere tilfelle feks for en 11kW 3fas bil som ikkje også støttar 1fas 7.4kW 32A lading (visstnok eldre Mercedes???)
Effektkalkulasjonen er litt omstendelig men spesielt interesserte kan Google "open delta power calculation". Som nemnd er gevinsten kun 15%. Ein fordel er lavare strøm i fasane og muligens mindre skeivlast i nettet, men i bunn og grunn blir det "mykje skrik og lite ull" for ei ustandarisert løysing.
Eg tenkte forøvrig å bruke dette til lading av eTron og så legge ladeboks til Leaf mellom det unytta faseparet, for slik å full symmetrisk 3 fas belastning (når dei ladar samtidig vel og merke...) Men det har blitt ned tanken.
~~~~~~~~~~~~~
Privat: Interesse for ladesystemer.
Jobb:
Malthe Winje Automasjon AS
www.mwg.no