Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - ThinkGeo

#1

Eg kontakta Warlock utanfor forumet og ved beskriving av lampar, blinking og tilkobling eller ei + ein titt på 'Einingshandsamaren' på PCen min fann han ut at feil drivar styrte PCAN-klonen !
Så han forordna ny drivar nedlasta til 141 Mb..
DÅ! meinte han alt skulle gå så veldig mye bedre !

Og det gjorde det, så etter 3 lange år i dvale kom sanninga fram og alle data rann veldig viljug ut av Enerdel-kammeret..

Her har eg lasta ned 5 filer som skulle beskrive tilstanden til batteriet.
Ein ser at den 7. av 16 blokker har tre celler med spenning på 1.5-0.05, og dei andre cellene er også litt lave.
Det er vel den som ligg i venstre, framre hjørne av batterikassa. Eg hadde ein viss teori om den lokasjonen  ;)

Så kva må gjerast med bilen og batteriet ?
#2

Saken er eg hadde tapa fast USB-C kabelen til PCAN-adapteret med ein god del brei lys pakke-tape.
Så lysa var vanskeleg å sjå gjennom all den tapen.
Har no fjerna den, og det viser seg at når PCAN-adapteret er tilkobla via USBen til datamaskina, (m/ el. utan CommTool) så er der ein grøn lampe som lyser konstant, samt ein blå kontinuerlig blinkande og ein svakare raud kontinuerlig blinkande.

Eg oppdaga også seint i går at når CommTool ikkje har kabelen frå PCAN tilkobla så får ein dei same feilmeldingane som du nemner og som eg altså får når PCAN ER tilkobla mellom bil og datamaskin ! Så OBD og PCAN leverer ingen data som det no er.

Det er vanskeleg å trykke PCAN-adapteret ned i OBD-kontakta, skal det vere eit klikk her, er det sensitivt for eksakt posisjon ? Klarte å få til eit klikk i dag, men hadde då ikkje maskina med i bilen og har ikkje testa dette så langt..
#3
Warlock:
Ja, det er absolutt slik at kontaktorane klikkar (minst 4 gongar) ganske høgt før det byrjar å summe. Alt er egentlig heilt normalt med klikking og summinga. Problemet er den ekstremt korte perioden det summar (dvs. ladar). Så no går det altså berre 2-3 sekund før dei som det no er, klikkar igjen nokre gongar og summinga stoppar. Når bilen var ok, så varte jo summinga opp til 7-8 timar ved lav SOC.

PCAN-adapteret lyser ja når den er kopla til PCen, trudde fargen var meir gul, men kan kanskje ha vore grøn. Har ikkje lagt merke til blå farge eller blå blinking.
#4
Eg har tenkt på ein ting..
Det er slik at eg no etter problemet i 2021 når ein prøver å lade bilen, så starter summinga opp og pågår i opptil 3 sekund, før den slår seg av.
Det må då vere slik at i det minste lade-funksjonen i PCUen er i orden. Og vidare må då vel
MLEC-kortet inkl. i det minste enkelte RLEC-kort vere involvert i ladinga. For det er vel ikkje annan elektronikk i Enerdel-batteriet som kan ta seg av denne prosessen ?

Eg veit ikkje kvifor det stoppar, men uakseptable parametrar i systemet dukkar vel opp kort tid etter ladinga starta. Om batteriet og eller PCUen var heilt kaputt eller hadde ganske alvorlege problem,så ville vel ladinga aldri ha starta - eller ??
Så kva slags type problem og alvorligheitsgrad indikerer dette med noverande ladefunksjon om kva som er problemet med framdriftsbateriet ?

ThinkGeo
#5
"Har du rett com port innstilt? Jeg forsøker flere com porter og trykker "Get Data" før jeg får kontakt."


Frå OBD-uttaket går signala altså via eit PCAN-adapter, og så vidare via USB-C til USB-A.
Eg veit ikkje korleis COM-port interfacet reagerer på den nymotens kombinasjonen ? Det er forresten 3 USB-portar på den datamaskina frå 2021 eg brukar.
Eg ville prøve fleire COM-port valg i morgon.



#6

Trur eg får prøve SavvyCAN i morgon..
Ellers oppfører dei gule lampane på dashboardet seg akkurat likt som dei har gjort
dei siste 3 åra etter ristinga.
Er det ikkje drastisk å skulle meine at +/- ombyttinga på ekstra-batteriet
skulle ha effekt på kort/celler i framdriftsbatteriet ?!
Om det skulle vere tilfelle har Thinken ein lite robust konstruksjon.
Det må jo vere sikringar e.l. som fanger opp ein slik feil og hindrar at den får konsekvensar.
Det er jo f.eks. relativt lett å gjer ein slik feil på vinterstid med mørke, snø og bruk av
startkablar under krevande verforhold i landet vårt.
#7

Eg har på tenninga når eg prøver.
Vil SavvyCAN gi celledata frå batteriet sjølv om MLEC skulle
vere gåen ?
#8

Så om det er MLEC som er problemet vil det kunne gi ein :

Set Filter Error : UNKNOWN

Er det andre feil eller innstillingar som kunne gi den feilmeldinga ?
#9

Med tips frå eit par verkstadar fekk eg kopla på straumen på nytt (iallefall til ein del av systemet). Dashboardet og visarane reagerte som tidlegare.
Eg kjørte så CommTool men med magert resultat, sjå under:

Du kan ikke vise dette vedlegget.

Kvifor blir det ingen verdiar som kjem ut. Er det eit eller anna valg som er feil..
Eg skreiv f.eks. Rcv Range: 61E 61F inn med tastaturet, er det OK framgangsmåte ?

ThinkGeo
#10
Klarte jammen å feilkoble + og - på hjelpebatteriet når eg skulle utføre
CommTool-testen !!

Det kom en viss smell i motorromet..  :o

Å vri om tenningsnøkkelen gir ingen effekt lenger.
Tipper at ei sikring gjekk. Kan nokon kanskje foreslå kva eksakt sikring det er, er den i motorommet
eller i "hanskeromet" ?
Har ingen erfaring med ein slik feil, ville ta tid om eg skal feilfinne dette sjøl  :-[

ThinkGeo
#11
Takk for dei kommentarane Worry & Warlock  :)
Har lest den nemnde tråden Worry.
Har sett på ein del utlistingar av test-køyringar av CommTool.
Det byrjar å demrast..

Eg kan ha eit problem med 12V batteriet mitt. Har prøvd å lade det opp.
Opp til 14.0 V. På under ein time har det kome ned til 13.0 V igjen !
Den raude lampen lyste på dashboard-panelet som nemnd over. Vil det då
fungere under CommTool testen, eller må eg kjøpe eit nytt 12V-batteri ?

Ellers kunne det vere interessant å spørje kva de meiner om kva verdiar eg
får på cellene ut frå den feilen eg har og som er omtalt her i tråden med ein
bil som ikkje ladar (maks. 2-3 sek. om gongen) og som har stått i over 3 år.
Er det mulig å spå om det, vil kanskje alle ligge ned mot 0V, under 2.5V,
alle over 2.5 V etc.
Eg har nokså bange anelsar om dette :-[

Kva .MSF-filer skal eg ellers velje for å få fram data om RLEC/MLEC-korta, og kva
verdiar i dei vil vise alvorlege feil og problem med korta..
Er det enklare å framskaffe slike kort no for tida til ein akseptabel pris ?

ThinkGeo
#12

Då har eg motatt software og hardware for analyse  :+1:
Det er vel naturleg å starte med Commtool.

Kva er den beste informasjonen om bruk og operasjon av programmet og tydning av
data som Commtool henter ut ?
Har ikkje funne noko som liknar på "brukarhandbok" endå i mappene   ???
Programmet framstår ugjennomtrengelig kryptisk for ein førstegongsbrukar.

Og meir konkret, korleis startar ein det opp etter å ha tilkobla OBD-kontakta og slått
på PC-en ? Kva stilling skal tenningsnøkkelen stå i, og kva slår ein på først og sist,
PC eller tenningsnøkkel  :-\

ThinkGeo
#13
Sitat fra: Warlock på torsdag 11. april 2024, klokken 15:48En ting jeg begynte tenke på
.
Kan all ristinga ha utløst crash-sensoren i fronten?

Har testa crash-sensoren. Den var ikkje til å rikke. Som ein vegg å trykke mot. Så det var nok ikkje der problemet ligg.

Heller heller mot at det var litt fukt i form av vassdropar eller små isbitar som kom i sterk bevegelse under ristinga og hamna i framre hjørne på førarsida av batterikassa. Eg svinga mot høgre bakover inn mot garasjedøra.
Bilen hadde stått til lading i minst ein time nede nær inntil sjøen ved kjøpesenteret. Der var det 1-2 plussgrader huskar eg. For det meste mange minusgrader i vekene inntil dette skjedde.

I fylgje denne teorien kan det vere RLEC-kortet nærmast hjørnet som har blitt kortslutta og har gått.
Men det er ein teori.. 🤔
#14
Sitat fra: Warlock på torsdag 11. april 2024, klokken 15:48.
Kan all ristinga ha utløst crash-sensoren i fronten?
.

Eg må få testa dette dei nærmaste dagane..
Men om den er utløyst, ville det medføre dei symptomane som ein ser:
- Blinkande Power Limit
- Blinkande Energinivå
- Ladinga av bilen blir avbrote etter 1-2 sekund (men startar opp).

Eller skulle ein forvente andre symptom når crash-sensoren blir utløyst ?
#15
Sitat fra: Warlock på torsdag 11. april 2024, klokken 15:48Kan all ristinga ha utløst crash-sensoren i fronten?
Mulig du allerede har forsøkt trykke på den (rød plastdings helt fremme ved støtfangeren i motorrommet på passasjersiden)...

Nei, er ikkje kjent med den.
Er den lett synleg og er det ok å kome til den utan å skru av panseret ?
Batteriet som står på bilen er ellers defekt, så må bruke eit ekstra-batteri via
ladekabler for å få straum. Bilen må vel ha 12 V tilkobla og tenninga på og kanskje i Park
for å teste dette ?

ThinkGeo
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA