Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 535 kroner per år. elbil.no/medlemskap

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.


Meldinger - Magne St

Sider: [1] 2 3
1
Volvo / Polestar / Sv: Polestar 6
« på: Tirsdag 15. November 2022, klokken 14:19 »
Her er nokre bilder eg tok på Oslo Motor Show helga 28 til 30 Oktober.

4
Zoe / Instruksjonsbøker
« på: Fredag 26. August 2022, klokken 22:51 »
Vil forsøka å samla alle instruksjonsbøkene til ZOE i denne tråden.  Hjelp gjerne til.

5
Dette er ein gamald tråd, men sidan han handlar om historie, så blir ikkje stoffet forelda.

For dei som er interessert i Noreg og elbil, så er det gitt ut to bøker fra elbilforeninga.

Den første er "Elbil på norsk".  Boka tar for seg dei forskjellige aktørane som har drive med elbil i Noreg gjennom tida.  Det er fortsatt nokre bøker att og ein kan legga inn ordre på ei bok eller to på elbil(a)elbil.no

Den andre er jubileumsboka til foreininga.  Den heiter "Et norsk eventyr - Norsk elbilforening 25 år".
Medlemer i foreninga kan gå inn her:  "https://elbil.no/medlemsfordeler/boker-til-medlemspris/"  å kjøpa boka.  Medlemspris er kr.: 300,-.
Andre kan senda epost til elbil(a)elbil.no .

6
Renault Megane E-TECH / Sv: Når kommer denne i butikkene?
« på: Torsdag 21. Juli 2022, klokken 12:56 »
Dei første demobilane er i desse dagar levert til forhandlara.
 

9
Norsk Elbilforenings oppgaver / Sv: Aksjon for rustfrie bremser
« på: Onsdag 03. Mars 2021, klokken 12:44 »
NAF sitt medlemsblad på nettet, motor.no, har lagt ut ein artikkel om utfordringer omkring rustfrie bremser.

Lenke:  https://motor.no/elbil/derfor-har-ikke-nye-biler-rustfrie-bremseskiver/192051?fbclid=IwAR19JH1QaP2yMlfGDdToIP7LPOc04P6Gf5DWuo8D7ecZzcvFDQMaxJecntI

10
Ampera-e/Chevrolet Bolt / Sv: Tilbakekaller elbil: Kan selvantenne (Chevrolet Bolt)
« på: Mandag 07. Desember 2020, klokken 20:39 »
Ser ut som om Chevrolet har skaffa seg ein norsk hjelpar.

Lenke:  https://www.tv2.no/broom/11814501

11
MG ZS EV / Sv: Tips og triks til MG
« på: Lørdag 21. November 2020, klokken 13:49 »
Fant denne på facebook.

Stor takk til Jarl Håkon Egeli Pedersen

Hei, ved et par anledninger har jeg opplevd at bilen ikke vil «starte» og at power-knapp må holdes inne i 10 sekund for å resette feilen.
Nå også nylig opplevde vi at bilen startet, men at rattet ikke kunne beveges. Samme prosedyre for å resette løste feilen.
Har noen opplevd lignende feil? Og hva ble løsningen for å få det rettet?

12
Elbil og økonomi / Ladestasjoner har ikke egne energimålere. Nå kan det komme krav
« på: Torsdag 27. August 2020, klokken 20:26 »
tu.no artikkel
Lenke: https://www.tu.no/artikler/ladestasjoner-har-ikke-egne-energimalere-na-kan-det-komme-krav/497985

For meg så framstår desse ideeane som eit forsøk på å kasta barnet ut med badevatnet.
(Eller elbilen i bensinbålet)
Gjer det så komplisert at ingen orkar å setta opp ladestasjonar.  Kven har vunne då?
Klassisk europeisk bilindustri?

Kva vinn ein som forbrukar med dette? 

Kvifor skal ein elbil med dårleg hurtigladekapasitet blokkera dyrt utstyr som det er lite av fordi det ikkje påløper ei "straff" for å lada til 100%? 
Ser at det er mulig med "straff", men det ser ikkje ut til at det er ønskeleg ut frå det som er skildra i artikkelen.

13
Det er av Oslo kommune åpna ny ladestasjon i Folke Bernadottes vei 47, 0862 OSLO.

Han har seks 32amp einfase IT, type to tilkoblinger.
På dagtid er parkeringstida tre timar.  På natta er tida uavgrensa fram til kl 09:00.

Det er parkeringsavgift 24/7.

Det tar ca 15 min å gå til bommen på Sognsvann.

14
CCS / ChaDeMo hurtigladere / Sv: Hvilke brikker/apper bør man ha og bruke?
« på: Onsdag 13. Mai 2020, klokken 12:00 »
Elbilforeninga si brikke gir deg tilgang over alt, dersom du registrerer den hos dei aktuelle leverandørane.

Du finn informasjon om brikka her:  https://elbil.no/medlemsfordeler/ladebrikke/

Om medlemskap er det å sei, at skal denne elbilfesten vara ei stund til, så er me alle svært avhengig av ein god oppslutning om foreninga.

Uten medlemer, ingen gjennomslag.

15
Lade hjemme / Sv: Tips og råd for el.opplegg m/ladeboks i garasje
« på: Søndag 03. Mai 2020, klokken 14:49 »
Hei! I forbindelse med at vi har skaffet vår første elbil, (2015 E-golf), skal vi nå legge opp strøm med ladeboks i garasjen.

Kabelstrekk fra sikringsskap til ny underfordeling i garasjen får en lengde på ca 30 meter.

Det er pr i dag ikke strøm i garasjen, men det ble lagt en 3x2,5mm2 kabel fra sikringsskap til garasje under bygging. Denne har aldri blitt koblet til og vil neppe bli benyttet i den nye installasjonen.

Planen er å grave grøft og strekke en bra dimensjonert kabel fra sikringsskap til en underfordeling i garasjen. Deretter ta ut en kurs til en enkel ladeboks og en 16A kurs til forbruk i garasjen. Setter foreløpig opp bare 3 stikk siden planløsning i garasje ikke er klar, men dette vil bli utvidet senere med flere stikk, belysning osv. Kan nok bli noe hobbyvirksomhet med kompressor, sveiseapparat osv på sikt. E-golfen trekker jo begrenset ved lading, men greit å dimensjonere litt for fremtiden når jobben først gjøres.

Vi tenker foreløpig å gå for en enkel og rimelig ladeboks som f.eks Folkeladeren, noen som har erfaringer eller andre råd å komme med ifht valg av ladeboks?

Har tatt bort det som er irreleven i sitatet med omsyn til det eg vil kommentera.

Det eg ser er at du brukar lading av elbilen som årskaking for å kunna legga ein ny kabel til garasjen.  Det er ditt valg, men eg ville ikkje ha gjort det.

Eg ville ha brukt den kabelen som alt er der.  Og så ville eg ha fått på plass lokal jord i garasjen.  Då kan du legga ut ei trefasa ITsløyfe.  Det er komme endringar i NEK400 2018, som seier at maks sikring på 2,5mm2 kabel er 15amp, men sidan dette er ein gamal kabel, så kan du kanskje overtala elektirikaren til å setta opp ein 16amp sikring.  Det er likevel ikkje viktig for resultatet.
Du vil du maksimalt kunne trekka 27amp over dei tre fasane ved 16amp sikring.  ( 25amp ved 15amp sikring. )  Så ville eg ha satt opp eit lokalt sikringsskap i garasjen med tre kursar.  Ein på 13amp, ein på 10amp og ein på åtte, alternativt 10amp.  Samtididsfaktoren her blir ikkje ein, men det er lite truleg at du kjem til å køyra trekket på max uansett.
Så ville eg har brukt den "store" sikringa på ladeboksen, som eg hadde stilt på 10 til 11amp.  Det er nok det maksimale som kan trekkas på denne kabelen, når han er ca 30m lang.  Dei to andre ville eg ha brukt til lys og eventuell støvsugar når det trengs.

10 amp gir 23kWt på 10 timar, tilstrekkeleg til å køyra 120 km.  Dei fleste av oss køyrer mamsimalt 50 km pr dag.
Erfaringsmessig så overvurderer dei fleste av oss kva effekt dei treng å ha tilgjengeleg til lading.  Og det skal me få betala for når effektavgiftene kjem.

Ei løysing som dette kjem ikkje til å kosta meir enn arbeidet til eletrikaren, ei sikring i skapet i huset, eit lite skap i garasjen med sikringar og tre avgreiningar til kontaktpunkt i garasjen.  Der det eine er ladeboksen.  Det andre er lysa som du planlegg.  Dersom du brukar LED, så har du rikeleg effekt på ein 8-10amp kurs.  Det siste går til ein stikkontakt for generelt bruk.  Då kan du komma godt frå det med å bruka den veggboksen som du nevner.
Lommeboka sleppe også med skrekken.

Den tunge instalasjonen kan du komma tilbake til når du verkeleg treng til å sveisa i garasjen.

Sider: [1] 2 3