Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - prompt

#1
Hei,

Skal kvitte meg med min Tesla M3 LR og gå tilbake til favorittbilen min. Send gjerne ein PM om du har planar om å selgje din i3 120ah i nærmaste framtid. Ynskjer helst lodge interiør med oppgradert skjerm og hi-fi, men det er jo som å finne nåla i høystakken. Eventuelt fully charged. Helst svart eller imperial blue. Eg held til i Oslo, men kan reise innan rimeleg avstand, 1-1 1/2 time.

Makspris 295.000,-

Send gjerne PM  :)
#2
Model 3 / Sv: Vibrering på passasjersiden
fredag 07. mai 2021, klokken 15:29
Takk for tips, Trykkertor, det skal eg teste ut. God helg 👍🏻
#3
Model 3 / Sv: Vibrering på passasjersiden
onsdag 05. mai 2021, klokken 13:46
Eg har ei slags vibrering/knitrelyd frå alle sider i bilen, både framme og bak, ved hastigheiter over 60 km/t. Hadde bilen på service p.g.a andre ting, og nemnte dette. Ho som var med då eg skulle framprovosere lyden, og som diverre blei gjort i for lav hastigheit, kunne høyre noko frå eine bakdør. Men då eg fekk bilen tilbake hadde visst ingen av teknikarane høyrt noko anna enn hjulstøy. Eg skal prøve meg på ein ny time når koronatiltaka lettar litt. Irriterande og måtte spele musikk heile tida for å døyve lyden. 2021 LR
#4
Model 3 / Sv: Feil og mangler på modell 3
torsdag 24. desember 2020, klokken 22:49
Tusen takk for svar til alle. Får sende ein epost og høyre med dei. Ynskjer alle ei god jul  :)
#5
Model 3 / Sv: Feil og mangler på modell 3
torsdag 24. desember 2020, klokken 22:02
Henta ut bil 21., og lurar på kva de tenkjer om det her? Får ikkje besøkt SC før angrefrist går ut då eg er på ferie. Tykkjer dei lyktene ser litt vel skeive ut, eller er det innan standard? Takk for svar

http://imgur.com/a/cXb2RPS
#6
Model 3 / Sv: Leveringstid på Model 3 om dagen?
tirsdag 15. desember 2020, klokken 19:17
Sitat fra: bjønn på tirsdag 15. desember 2020, klokken 19:07
Fikk melding nå om utlevering 21. Lillestrøm :) Da blir det jul :)
Same her 👍🏻 Må bere prøve og få flytta den til 22. grunna jobb.
#7
830xxx, LR her. Ingen utleveringsdato endå.
#10
Vêret var bra. Litt nedbør fram til Sogndal, men opplett resten. Kaldaste temperatur var 1pluss på Hemsedalsfjellet, ellers låg det rundt 5-9 grader. Eg har ikkje gjennomsnittsfart diverre, men eg låg i 90 km/t på speedometeret der eg kunne, og haldt fartsgrensa ellers. Brukte 7t25min, og då traff eg ferja presis.
#11
Køyrde Førde-Oslo i går. Stod 13,4kw/100km som gjennomsnitt då eg parkerte. Hadde klart turen med 96% batteri, men hurtiglada litt i Hemsedal sidan vi tok matpause der. Veldig nøgd med resultatet
#12
Hyundai KONA / Sv: På sporet av Kona - oppgi din leveringstid her
tirsdag 02. oktober 2018, klokken 21:36
Det med VIN-nummer var litt merkeleg i mitt tilfelle for eg fekk det ikkje. Tre veker etterpå eg spurte var bilen klar til utlevering. Men andre her har jo fått når den var på båt, så det kan vere ulik praksis her.
#13
Hyundai KONA / Sv: Kona på finn.no
tirsdag 18. september 2018, klokken 19:07
Eg som hentar min i morgon blir litt freista til å selgje sjølv. Treng ikkje bil til jobb i nærmaste framtid, og då er mitt einaste behov tur Oslo-Førde og Sverige i ny og ne. Då blir det nesten for dumt å ha 70-80k ståande i garasjen midt i Oslo. Som åleinepappa med huslån hjelp det på som buffer òg i desse tider med mogleg auke i rentekostnadane. Bilen må verkeleg overraske positivt skal eg motstå freistinga til å teste marknaden :)
#14
Hyundai KONA / Sv: Tracking Kona - oppgi din leveringstid her
lørdag 08. september 2018, klokken 01:56
Sitat fra: prompt på tirsdag 14. august 2018, klokken 17:31
Sitat fra: prompt på mandag 30. juli 2018, klokken 17:24
Kønmr: 267 Estimert levering: september/oktober

Spesifikasjon: Skinnseter, Ceramic Blue.

Ny info: forventa levering til forhandlar veke 39, men det kan endre seg. BNH Oslo.

Fekk tilbod om utlevering i veke 37, men må hente den 19.september i veke 38. Dei har med andre ord haldt leveringsdato med god margin, og godt er det.
#15
Hyundai KONA / Sv: Tracking Kona - oppgi din leveringstid her
mandag 03. september 2018, klokken 22:40
Då har det skjedd ting her, #267. Fekk epost i kveld om at bilen er i Noreg og at den snart blei utlevert hjå BNH, Oslo. Frå å ikkje ha VIN for eit par veker sidan til og vere her er positivt. Men eg tykkjer at kommunikasjonen kunne vore betre om kor bilen låg an i løypa. Då skjer det nok meir hjå resten av gjengen her med lavare kønummer.
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA