Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 535 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - OlavEmil

#1
Andre Elbiler / Sv: Svensker vil lage mini-elbilen Uniti
tirsdag 10. mars 2020, klokken 11:20
Det er kjent at dei slit med å få det til å gå rundt i Uniti. Eg sit sjølv og vurderar om eg skal be om depositumet på 1500,- / €149 returnert (kunne returnerast når som helst i prosessen), men eg tenkjer at om det stemmer at dei er tomme for pengar, får eg ikkje ut depositumet uansett, og om dei får det til likevel, er kønr. 400 i verda greitt å ha. Men i det store og heile fryktar eg nok at dei 1500,- er tapt...

https://www.breakit.se/artikel/22510/kris-i-svenska-elbilsforetaget-uniti-kassan-ar-tom
#2
Kjøretips / Sv: Fjernlys Kia Soul EV (og andre elbilar)
lørdag 29. februar 2020, klokken 17:02
Kjekt at det framleis kan vere til nytte :) .

Ja, dette er ikkje noko god løysing mtp brytar. Men det kan enkelt ordnast med ei justering av plasseringa (heile området rundt er tilgjengeleg på same måte) og ein meir føremålsteneleg brytar.

Har ikkje pæreinformasjonen foran meg, men det er mange som skryt hemningslaust av ekstra kraftige pærer. Vi slo til og investerte i dette då det var tid for å skifte nærlyspære på konebilen for to år sidan. Merka absolutt null forskjell på lyset, sjølv når vi hadde ein med dei sterke pærene folk anbefalar og ein med originalpærer. Derimot merka vi stor forskjell på haldbarheit, begge dei kraftige pærene tok kvelden etter berre halvanna år, mot 3 - 4 år på originalpærene. Bytta attende til normale pærer då dei kraftige gjekk.

Eg ser ingen problem i forskjellen mellom nær- og fjernlys, sjølv om eg òg ser at det er mykje snakk om dette kvar gong det er snakk om montering av fjernlys. Uansett kor mykje lys ein har som fjernlys (innanfor rimelege grenser) vil det framleis vere ganske mørkt inne i bilen, og den totale lysmengda som treff auget er ikkje stor. Det er ikkje sånn at pupillane snurpar seg saman til dagslysstorleik uansett så lenge det er mørkt. Så nei, nærlyset framstår ikkje for meg som svakare sjølv om eg har bra fjernlys.
#3
Nei, eg får opp alt som er publisert, utanom denne aller siste. Siste artikkel / nyheit som kjem opp er den om Think-Katinka frå 19/2, som òg er den siste som er linka til her i forumet før denne.
#4
Source-linken funkar ikkje, og eg finn heller ikkje artikkelen nokon plass på elbil.no. Feilpublisert?
#5
Andre Elbiler / Sv: Today Sunshine M2 Mikrobil
torsdag 13. februar 2020, klokken 01:13
5 timar stemmer vel bra med vanleg stikkontakt (ca 2kW) på eit 10,8kWh batteri. Ser vi ladar rundt 20% i timen.

Det vil kome type 2-kabel til somaren, som jo er eit must på ein bybil som denne, men eg veit faktisk ikkje om OBCen er i stand til å ta imot høgare effekt med tilgang til meir straum (t.d. eit 16a uttak).
#6
Andre Elbiler / Sv: Today Sunshine M2 Mikrobil
tirsdag 11. februar 2020, klokken 11:45
Det varierte heilt sikkert, men denne har 155/65R13. Det er identisk med vår første bil, ein Mazda frå 1989 :).
#7
Andre Elbiler / Sv: Today Sunshine M2 Mikrobil
mandag 10. februar 2020, klokken 23:56
Sitat fra: elektrolux på mandag 10. februar 2020, klokken 09:16Bilen du har satset på ser flott ut og vi håper den fungerer like godt som Buddy som har vært verdens beste 4 hjuls MC i lang tid. Veldig bra med ABS bremser. Bare vær obs på at batteriet har gode arbeidsvilkår. Er det snakk om blybatteri er det lurt med egne 12V ladere for toppballansering.

Det er litiumbatteri og "smart ladar" (betyr vel ikkje anna enn at ladinga stoppar når batteriet er fullt, og ikkje står og pressar straum på eit allereie fullt batteri). Så batterihaldet vil vere det same som på dagens "vanlege" elbilar.

Elles samd i at bilar aldri blir for små. Eg likar godt P50-kopien som du vel laga ein tråd for her inne tidlegare :D . Vi får ta ein Stavangerturné til somaren, så får du teste M2, og eg teste Artega!


Sitat fra: arthur på mandag 10. februar 2020, klokken 09:37
En flott liten bil som synes velegnet i bymiljø, eksempelvis i Oslo, men hvordan vil den kunne håndtere de store snøhaugene som gateparkeringen er belemret med? Som tidligere sagt så synes jeg for egen del at den er for dyr i forhold til bruken.
Bor man i Roma, perfekt!

Denne har 165mm bakkeklaring, same som på t.d. Hyundai Kona. Storleiken på hjula er som ein standard hatchback frå 80-talet. Ein får då òg sjølvsagt vinterdekk i rett dimensjon. Så han bør handtere snø på same måte som ein vanleg småbil. Men så ville eg ikkje køyrd Kiaen min oppi ein brøytehaug heller :) . Men ja, absolutt ein bil for småkøyring (sjølv brukar eg han mellom Os og Bergen, det funkar bra).


Sitat fra: goggo på mandag 10. februar 2020, klokken 11:45
Er det fremdeles mulig med hengerfeste på slike mikrobiler uten at vegvesen folka får morgenkaffen i vrangstrupen? :)
Eller var det bare en spesial deal som Buddy hadde?

Hengjarfeste er absolutt noko vi ser på, ja! Regelverket opnar for det, vi må berre få til monteringa. Og med eigenvekt på 590kg kan ein trekkje 295kg hengjar.

Når det er sagt, det blir ikkje mykje futt då med 7,5kW motor. Men det vart det vel ikkje om ein dreiv hengjarkøyring med Buddy heller :laugh:



#8
Mykje betre samanlikning. Denne kan samanliknast med C-Zero på mange måtar, og resten av poenga dine står òg godt. Det er fleire grunnar til å ville ha mikrobil, eigar- og driftskost er ein, miljø er ein (der stiller òg C-Zero og tvillingbilane godt), ein annan er reine smak og behag.

Men eg ser at dette går mot at eg promoterar og forsvarar eiga bedrift i ein tråd som var meint å handle om MG. Det er ikkje meininga. Har starta ein eigen tråd om bilen no, så får admin heller slette om det blir for nært noko som minnar om reklame: https://elbilforum.no/index.php?topic=50607.0
#9
Andre Elbiler / Today Sunshine M2 Mikrobil
søndag 09. februar 2020, klokken 23:35
Eg må starte innlegget med å skrive at eg er medeigar i Mikrobil AS, og sel desse bilane sjølv, for å ha det heilt klart og synleg. Eg ønskjer ikkje at tråden skal vere ein reklametråd for firmaet og bilen, men vil ha ein tråd der denne (og evt tilsvarande mikrobilar) kan diskuterast. Om admin meiner dette er ein interessekonflikt, gje meg gjerne beskjed.

Vi byrja å sjå på elbil og miljøvennleg personbiltransport tidleg, og vurderte sterkt Reva eller Buddy i siste halvdel av 2000-talet. Problemet var at vi då budde rett ved E16, som òg var einaste veg til og frå bygda. Vi endte difor opp med vanleg gamal bruktbil. Når vi no etter 5 år med kun elbil ser på moglegheita for å skaffe oss ein langrekkjeviddebil, ønska vi òg å skalere ned den andre bilen, og byrja igjen å sjå på elektriske mikrobilar av Reva-typen. Vi endte til slutt opp med å importere ein Today Sunshine M2 (+ 3stk for vidaresal) frå Kina, og er veldig nøgde med det. Så no står det berre att å finne den perfekte langrekkjeviddebilen og kvitte seg med Kiaene :laugh:.

Bilen går i 80, har 10,8kWh batteri, svært bagasjerom og elles godt med utstyr som ein finn i vanlege bilar. Den er på den andre sida registrert som motorsykkel, og har ikkje same sikkerheitskrav som vanleg bil. Det er sjølvsagt òg ei viktig grunn til at det er mogleg å lage ein velfungerande liten bil som ikkje veg meir enn 600kg. Definitivt eit køyrety for spesielt interesserte, men veldig moro, og ein blir definitivt lagt merke til når ein er ute og køyrer.

Eg legg ut nettsida til den italienske importøren, både fordi deira nettside er vesentleg betre enn vår, og på grunn av eventuell interessekonflikt: https://www.todaysunshine.it/en/

Andre som har erfaringar med mikrobilar litt utanom det vanlege, eller som har tankar om dette?
#10
Elbilen i Samfunnet / Sv: Ladingen kan gjøre elbil-bruk hinsides dyrt
søndag 09. februar 2020, klokken 22:35
Og mikrobilen min er over 12cm høgare enn Tesla model S, men eg klarar ikkje å overbevise nokon om at det er ein større bil av den grunn :'( .

#11
Sitat fra: Miri på søndag 09. februar 2020, klokken 00:32
Og slik har du altså innrettet deg fordi du sparer penger. Er det ikke ironisk at det nettopp er en slik profitt-tankegang som skader miljø og klima?

Nei, det er ikkje ironisk. Samfunnet og enkeltpersonar vil alltid har ein profitt-tankegang. Det er grunnen til at politiske tiltak både kan og må nyttast for å redusere det samla klimaavtrykket i samfunnet. Nokre folk er idealistar og er villige til å redusere eigen velferd av omsyn til klimaet, men det er dessverre lite denne idealismen åleine kan utrette. Mange erkjenner at vi har eit klimaproblem og ønskjer å bidra med sitt, men er ikke villige til å ofre eiga velferd for saka. Så finst det folk som aktivt ønsker å ikkje bidra, og som kun vil ta klimavennlege val dersom alternativet vil koste dei meir. Då er vi nøydde til å gjere dei klimavennlege vala profitable, og slutte å sjå ned på folk som tek klimavennlege val fordi det gagnar dei økonomisk.
#12
Det er ingen tvil om at mikrobilar er eit nisjeprodukt, og ein skal nok ha eit spesielt behov eller vere j interesserer i konseptet for å betale det dei kostar. Men eg synst framleis det er ein merkeleg ting å seie, at "mikrobilar" som sjanger ikkje burde koste meir enn 100 000,-. Det er som å seie at ein "SUV" ikkje burde koste meir enn 300 000,-, eller at ein "stasjonsvogn" ikkje burde koste meir enn 400 000,-. Eller at "kjøt" ikkje burde koste meir enn 80,-/kg. Det blir altfor generelt.
#13
Sitat fra: RJK på søndag 09. februar 2020, klokken 00:53
Offentlig vei skal være tilgjengelig for alle. Så lenge bilene blir brukt, og bilene flyttes, så skal man  ikke inn å regulere hvem som kan stå hvor, så lenge man betaler for seg. Beboerparkering er et tveegget sverd. Selvsagt er det en fordel for de som bor i området, at de har et sted å sette bilen sin. Men det stenger andre ute. Kommer jeg f.eks. på besøk til noen som bor i en beboersone, så burde jeg ha lik rettighet til å stå parkert etter gjeldende regler og kostnader. Med beboerparkering er ikke denne retten lik lengre.

Dette frihetsprinsippet blir truet mer og mer, under dekke av "gode" formål. Og det er derfor viktig at vi kjemper for prinsippet, selv om det betyr at det kan bli litt vanskeligere å få parkert bilen der man helst vil parkere.

Dette skjer dessverre fordi hovedproblemet er at utbyggere ikke forpliktes til å bygge nok parkeringsplasser når det bygges nye boliger. Da må folk ty til alternativet, gateparkering i området.

Man kan gjerne regulere det slik at man kun får lov å parkere en bil per person som innehar førerkort. Man trenger i utgangspunktet ikke mere enn en bil per person, så om man har 2, så må man skaffe annen parkeringsplass for bil nummer to.

Skal man redusere behovet for bil, så må man sørge for et godt nok kollektivtilbud. Da vil folk flest begrense dette selv. Det er dyrt å eie og bruke bil (betydelig billigere med elbil om man kan hjemmelade), slik at folk som innser at de ikke har et reelt behov, kvitter seg med bilen eller ikke skaffer seg bil i utgangspunktet.

Då er eg med på kva du meiner, og det er gode prinsipp eg kan støtte fullt ut. Men det som blir gjort i Bergen no har jo ingen innverknad på prinsippet om at den offentlege gateplassen ikkje skal reserverast for private. Tvertom, det vi ser no er jo ei innskrenking i denne privatretten som blir utøvd på offentleg grunn.

Den prinsipielt rette bruken av offentleg veg slik du legg det fram (og det kan eg vere samd i) vil vere å kun skilje mellom gater der parkering er tillatt, og gater der parkering ikkje er tillatt. Ut over det får kvar og ein betale for den tida dei står parkert, uavhengig av om dei bur i området eller ikkje. Men å fjerne bebuarparkeringa slik ville nok skapt ramaskrik langt ut over det vi ser no.
#14
Eg såg ein annan her på forumet seie det same i ein diskusjon om ein annan mikrobil. Han burde koste under 100 000,- fordi det var ein mikrobil. Det verkar som ein veldig merkeleg ting å meine. Kvifor skal då ein XC90 koste 900 000,- og meir, når Dacia Duster kostar under 250 000,-? Begge er jo SUV.

Elles vil eg no seie at ein strekk strikken vel langt når ein seier at ein "nesten" får e-Up trilling til same pris. 135 000,- vs 185 000,- (innstegspris for Skodaen,  som vel er den billigaste av dei tre).

Sitat fra: goggo på søndag 09. februar 2020, klokken 10:19
Sitat fra: OlavEmil på lørdag 08. februar 2020, klokken 22:40
Tjaa. Vi fekk vår første shipment med person-elbilar frå Kina første veka i januar. Vi går nok litt stillare i dørene enn MG, og bilane våre er ikkje like mainstream som deira, men MG var nok ikkje først.
PS: Du bør jo vurdere å lage en egen tråd for denne mikrobilen som dere selger.

Takkar for det. Både Thunberg og Nok er Nok burde jo tale for slike køyrety. Har vore inne på tanken om tråd, men eg må høre litt med administratorane først, sidan vi faktisk sel desse. Vil ikkje trakke nokon på tærne.

Og takk for testvideoen, veldig moro :D.
#15
Sitat fra: RJK på torsdag 06. februar 2020, klokken 13:01
Tror du har missforstått hva offentlig vei er. Det skal ikke være regulering på den måten. En ting er å regulere på pris for parkering innen fornuftig prisleie. En annen ting er å nekte folk å kunne ha bilen parkert på gata.

Løsningen vil jo bli at folk skiller seg, og leier hos naboen, som igjen leier hos den man skiller seg fra. Da er det ikke en boenhet, men to uselvstendige. Er jo et råttent system man legger opp til.

Og svaret fra MDG-representanten som ble gjengitt i et tidligere innlegg, viser jo at han har missforstått hele problemstillingen, og man kan jo lure på om det er med vilje og derved forsøk på tåkelegging.

Kva meiner du eg har misforstått? Er ikkje offentleg veg offentleg grunn? Eller er det noko anna du meiner?

Sjølvsagt skal det vere regulering på den måten. Det er akkurat det som er poenget med soneparkering. Slik har det vore i mange tiår, både her til lands og i resten av verda.

Elles blir det ikkje fleire bueiningar av at ein driv konebytte. Dei bueiningane som finst, er der uavhengig av kven og kor mange som bur i dei, og korleis dei organiserar sine sambuarskap.
© 2023, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA