Elbilforum.no

Bilmerker => KIA => Emne startet av: AtRas på søndag 03. juli 2022, klokken 22:50

Tittel: Får ikkje hurtiglade Kia e-Soul
Skrevet av: AtRassøndag 03. juli 2022, klokken 22:50
Hallo i Kia-avdelingen

Min Kia e-Soul 2020 mod, med 11000 km på teljaren, let seg ikkje lenger lade på hurtigladestasjonar med ladetrykk på t.d. 50 - 100 kwh. Har prøvd mange ulike stasjonar, men overalt kjem same feilmeldinga "Intern feil" / "Internal error". På dei ladesøylene der eg må bruke leidningen frå bilen ladar den med 7,3 kwh. Heime i garasjen går det også heilt greitt - køyretøyet ladar med 7,3 kwh. Er der nokon i dette forumet som har hatt eller kjenner til dette problemet? Eg ser for meg at her må det vere eitt eller anna gale med bilen.