Elbilforum.no

Entusiastens egen side. => De lange turene, planlegging og gjennomføring. => Turer i Norge. => Emne startet av: Hamiso på onsdag 08. juli 2015, klokken 17:39

Tittel: Eidsvoll-Halsnøy i Sunnhordland; går det bra?
Skrevet av: Hamisoonsdag 08. juli 2015, klokken 17:39
Går og funderer på om eg skal våga meg til å ta elbilen, Citroen C zero over fjellet til Vestlandet i sommar.  Nærare bestemt frå like utanfor Eidsvoll og til Halsnøy i Sunnhordland. Til og med saman med sonen min på 5.
Tenkte i tilfelle å dra vestover langs rv 7 over Hardangervidda og ned til Eidfjord. Tilbaketuren via Odda og over Haukeli.
Vestover omlag 20. Juli, tilbake omlag ei veke seinare.

Det ser ganske overkommeleg ut med ladestasjonar på vegen. Og bilen har ei rekkevidde på mellom 8 og 12 mil (fullada) avhengig av fart, eventuell varmevifte og alt det der.
Det eg ikkje veit, er kor mykje stigninga oppover mot fjellet vil ha å seie for rekkevidda, og i kva grad ladestasjonane virkar eller ikkje.
Kva tid som blir brukt, får eg ta som det kjem. Tenkte å ha minst ei overnatting med telt på campingplass, og satsa på å få lada på campingplassane.
Det har vore snakk om fare for flaum i deler av ruta, og skulle det skje, får eg berre avlysa.

Så kva trur de andre? Er det realistisk, dette?
Dersom det skulle bli krise med lading, er det nokre elbilistar langs ruta som kunne avsett litt straum frå stikkontakten heime?
Har de erfaring med serveringsstader, bensinstasjonar og anna som ikkje står på ladekartet, men som kan gi litt straum?
Er det ikkje forresten organisert eit opplegg der ein kan melda seg på og stilla til rådvelde eigne stikkontaktar til medelbilistar? Meiner å ha lest om det, men har ikkje funne det nå.
Dersom det skulle bli problem med campingplassar, er det rekna som trygt og uproblematisk å overnatta på fjellet/i skauen langs eller i nærleiken av vegen?

Eg likar i alle fall å dra på litt alternative "ekspedisjonar" og å hoppa ut i det litt usikre. For sonen min satsar eg på at det blir takknemleg med god tid og mange pausar, og at rekkeviddeangst ikkje smittar over på han. Og skulle gjerne fått erfaring med å dra langt med ein elbil som min.
Tenkjer i tilfelle på å blogge litt om erfaringa, og kan eventuelt leggja ut ei lenke til den her på forumet, dersom dette blir noko av.

Håpar på mange gode råd.