Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap

Regenerativ lading berre til 15km etter full lading?

Startet av ThinkGeo, onsdag 19. juli 2017, klokken 00:09

« forrige - neste »

ThinkGeo

Har etterkvart oppdaga at min Lithium Think berre ladar regenerativt opptil ca. 15 km køyrt distanse
etter å ha fullada batteriet. Etter den tid er den regenerative ladinga minimal eller ikkje-eksisterande.
Ein merker det også på bilen, dei første kilometrane etter å ha fulllada bilen "flyt" han lett framover/nedover, mens ladeindikatoren går nesten opp til største grøne runding på målaren. Etter å ha passert ca. 15 km, ser ein knapt at ladeindikatoren rører på seg i det heile, og bilen føles meir som sirup når ein slepper gasspedalen.
Bilen går no på sommarstid max ca. 140 km. Vinterstid ca. 120-125 km, men køyrelengda skulle jo vere opptil 160 km.
Har då mistanke om at mankoen skyldes dette problemet med manglande regenerativ lading.
Er dette eit kjent problem, eller er dette noko som er nokså uvanleg?
Har det noko med Lithium-versjonen å gjere , eller er det også slik på enkelte Zebra-bilar?

ThinkGeo
Think City 2010 - EnerDel Lithium

ThinkGeo


Er eg virkeleg den einaste som har opplevd dette problemet?

Kan korrigere litt beskrivelsen av problemet:
Ladinga synes å gå heller til ca. 20-30 km før det er bortimot stopp.
Det er vanligvis minimal lading deretter, men har observert lading
også mot slutten av kapasiteten,  SOC <= 20% i nokre sjeldne tilfelle.
Max køyrelengde er no ca. 142 km på sommaren, 20 km mindre på vinteren.
Det er langt til ElbilMek, så prøver her igjen :-)

ThinkGeo
Think City 2010 - EnerDel Lithium

© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA