Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - cehauge

#1
Lading av Tesla / Sv: Detektivarbeid: Finne fremtidige Superchargers?
torsdag 26. september 2019, klokken 22:49
Lokalavisa Møre* i Volda  kan melde at Tesla har indikert interesse for å setje opp superladar meir eller mindre midt i sentrum. Kanskje ikkje urimeleg å gjette at Circle K-tomta er ein av dei 3 alternative plasseringane?

* (forøvrig landets eldste lokalavis, og nest eldste avis, i fylgje Wikipedia #kuriositet)
#2
Model S 2013 - 2022 / Sv: Tur til Danmark gjennom Sverige med S75D
fredag 08. september 2017, klokken 12:42
Eg har kjørt turen nedover Sverige eit par gongar - men riktignok før Tanum kom online. Frå Oslo har turen vore om lag slik:

- 15-20 minutt stopp på Uddevalla for toalett og kaffi/is.
- 30-40 minutt på Falkenberg for "middag" på Max.
- Potensielt eit kort stopp (~10 min) på Löddeköpinge, avhengig av om du har hotell med lading.

Totalt har eg brukt ~8t på turen.

Hadde eg tatt turen i dag hadde eg nok heller stoppa på Tanum enn Uddevalla pga høgare SC-kapasitet (16 vs 12) og shoppingsenteret som vel ligg rett ved ladaren.
#3
Lading av Tesla / Sv: Lading i Trondheim.
onsdag 11. mai 2016, klokken 22:05
Mest truleg i seinaste lage for trådstartar, men for eventuelle andre som treng lading i Trondheim.
Fortum har ein hurtigladar på *trommevirvel* Lade, rett ved Tesla-kontoret.
https://www.google.com/maps?daddr=63.44158,10.45703
#4
Lading av Tesla / Sv: Tesla superchargers - ønsker og forslag
fredag 04. desember 2015, klokken 13:19
Sitat fra: MrBacardi på fredag 04. desember 2015, klokken 11:03
Sitat fra: weld77 på fredag 04. desember 2015, klokken 10:48
De startet jo en prosess med Lom (som jeg mener er det beste stedet) men det kokte vel bort i kål...

Lom er jo ideelt, et veldig flott og naturlig stoppested på langtur. Synd det ikke skjer noe der da. Vet man hvorfor Lom kokte bort i kålen? Høres jo rart ut at det ikke skjer noe der, et veldig hyggelig sted egentlig å ta en pause på.

Da håper jeg at Tesla ser på andre lokasjoner mellom Bismo og Vågåmo, slik at man får en lader på plass før Strynefjellet.

Postlistene hos Lom gir visse svar: http://www.regiondata.no/lom/Modules/innsyn.aspx?mode=sa&SelPanel=2&ObjectType=ePhorteCase&VariantType=Innsyn&ViewType=Detail&Query=ePhorteCase.ID:13605

Eg les det som strammare kostnadskontroll hos Tesla, kombinert med fokus på utviding av andre lokasjonar. Den siste lokasjonen som er foreslått, rett nedanfor Esso, burde fungert veldig bra etter mitt syn.
#5
Lading av Tesla / Sv: Detektivarbeid: Finne fremtidige Superchargers?
onsdag 28. oktober 2015, klokken 17:26
Dette var absolutt nyttig informasjon (i alle fall syns eg det : ). Takk for at du sjekka hos Lom, og for at du delte.

Som ein side-kommentar: Om du bur i Nordfjord skal det gå greit å kome seg til og frå Oslo. Fyll fullt på Lillehammer, og bruk evt eit av dei mange 22 kW-punkta (eller CHAdeMO via adapter) dersom vèr, vind og eller tung høgre-fot fører til høgt forbruk. Du finn dei bl.a. på Stryn, Skjåk, Otta og Ringebu.
#6
Lading av Tesla / Sv: Detektivarbeid: Finne fremtidige Superchargers?
tirsdag 15. september 2015, klokken 10:00
Ser ut som det er litt rørsle i Lom om dagen. Det har komt eit nytt forslag om plassering like ved Esso. Kanskje ikkje like perfekt som om det hadde blitt rett ved "Bakeriet i Lom" :), men avstandane er jo uansett ikkje større i Lom sentrum enn at ein greier å spasere 100-200 meter til eit av dei ulike serveringsstadane.

http://www.regiondata.no/lom/Modules/innsyn.aspx?mode=sa&SelPanel=2&ObjectType=ePhorteRegistryEntry&VariantType=Innsyn&ViewType=Detail&Query=ID:59292
#7
Lading av Tesla / Sv: Detektivarbeid: Finne fremtidige Superchargers?
torsdag 13. august 2015, klokken 15:30
Eg tok kontakt med Lom kommune, og fekk fylgjande svar:

Sitat
Før sumaren var Tesla på synfaring med meg og fleire i kommunen, der vi såg på ulike alternative plasseringar. Det var fleire alternativ som var aktuelle, sjølv om det var fleire utfordringar som måtte undersøkast nærare.
Deretter stemmer det at formannskapet sa nei til å gi kommunalt tilskot pga. fare for konkurransevridning.

Eg sendte Tesla ein e-post for ei stund attende for å høyre kor langt dei eventuelt var kome i prosessen, men dessverre så har eg ikkje høyrt noko meir.
Forhåpentlegvis jobbar dei med saka :)
#8
Lading av Tesla / Sv: Oslo- Volda - Oslo
mandag 27. juli 2015, klokken 12:43
Då har eg sjekka. Ladepunkta ved rådhuset fungerar, so ein kan t.d. la bilen stå der over natta, og bruke 22kW til resten.
#9
Lading av Tesla / Sv: Oslo- Volda - Oslo
søndag 26. juli 2015, klokken 16:24
Furene er operative, ja. Eg tenkte på dei ved rådhuset i Volda :).
#10
Lading av Tesla / Sv: Oslo- Volda - Oslo
søndag 26. juli 2015, klokken 14:11
Volda sentrum har diverre relativt lite å tilby mht ladeinfrastruktur.
- 4 stk 16A Schuko* rett ved rådhuset, på parkeringsplassen i krysset Storgata/Stormyra
- 4 stk 16A Schuko v/Volda omsorgssenter

No er ikkje avstandane i Volda avskrekkande, so litt avhengig av kor de overnattar so er det potensielt ikkje verre enn ein liten spasertur unna. For hurtiglading må ein til 22 kw-punktet i Furene.

* Desse viser ikkje på kartet på http://www.ladestasjoner.no, men såg stolpane stod der når eg passerte forleden. Om det er av interesse so kan eg køyre innom og sjekke om dei er operative.
#11
Lading av Tesla / Sv: Oslo- Volda - Oslo
fredag 24. juli 2015, klokken 13:26
(Ser det er mange som har svart på FB, men legg inn svaret mitt her.)

Eg har kjørt strekninga fleire gongar, både sommar og vinter, seinast for 2 veker sidan. Oslo -> Lillehammer, og deretter via Otta og over Strynefjellet er den anbefalte vegen. Eg ladar til 100% på Lillehammer, og køyrer heile vegen til Ørsta/Volda. På vår/sommar/haust har eg komt fram med mellom 40-105 km gjenståande. På vinterføre er det litt meir i grenseland, og

Mht lading på vegen i tilfelle høgt forbruk har du fylgjande alternativ:
1) Ringebu
2) Otta - ved Kiwi
3) Lom - Arctic Roads nevnte i ein annan forumtråd at deira ladastasjon no er open. Men drop-in prisen deira er latterleg (uansett om du er sunnmøring eller ikkje : ).
4) Skjåk, knappe 20 km etter Lom. 22kw type 2'en har "alltid" vore litt trøblete dei gongane eg har brukt den, men den kjem til slutt.
5) Stryn, som nevnt over.

I tillegg har du ein 22 kw-ladar Furene (3-4 km frå Volda, på vegen til Ørsta) i tilfelle du treng litt ekstra kraft ved ankomst. Som nevnt innleiingsvis har eg aldri hatt problem med å kome fram på full-lada batteri, og "rekorden" på 105 km gjenståande satte eg for 2 veker sidan. Eg køyrer kanskje i overkant snilt, men det skal mao vere fint mogleg å køyre heile strekket utan å lade på vegen.
#12
Sitat fra: El-boy på onsdag 08. juli 2015, klokken 08:18
Men når det gjelder superlader må det sterkt frarådes på Sunnmøre! Kreative sunnmøringer lade opp bilen på superlader og vil finne en måte å tappe strømmen på gratis hjemme eller selge den!!! Det vil bli veldig dyrt for Tesla å ha superlader på sunnmøre!

For ikkje å snakke om at service-senteret vert ein Tesla-møbelfabrikk før Elon Musk har rukke å seie "Model X er no i sal!" :)
#13
Artig lesing, og flotte bileter. Takk for rapport, og at du og dei andre representerte oss frå "elbil-himmelen" Noreg :).
#14
Ein observasjon mht kor Tesla har lagt inn søknadar/bygd hittil i år opp mot planen for 2015 i superladar-kartet på nettsidene deira:

- Porsgrunn: Ny, står ikkje merka i 2015-kartet
- Lom: Som venta. Står merka i 2015-kartet
- Stjørdal: Ferdigbygd, stod ikkje på 2015-kartet

I tillegg kjem utviding av Solli.
#15
Sitat fra: cehauge på tirsdag 09. juni 2015, klokken 14:44
Eg sendte ein mail til Lom kommune og forhørte meg om status for superladar der, og fekk meget kjapt fylgjande svar tilbake:

Sitat
Eg har prata med Marianne i Tesla etter e-post utvekslinga i april, og det verker absolutt som om dei er interessert i å få opp ei ladestasjon i Lom.
Men – det er som du seier lenge sidan eg har høyrt frå dei, så eg sendte ein e-post no for å få ei oppdatering.
Planen var at dei skulle sende ein søknad om byggeløyve og om eit tilskot frå næringsfondet, men det har dei førebels ikkje gjort.
Sakar til det siste kommunestyret før sumaren går ut i morgon, så det ser ut til at det kan bli vanskeleg å få ein ladestasjon til sumarsesongen 2015 dersom dei ikkje kaster seg rundt. Dessverre.
Men eg skal i alle fall gjere det eg kan for å få fortgang i prosessen, så får vi håpe at du får lada Tesla-bilen din i Lom om ikkje alt for lenge.. :)

Ikkje veldig lovande på kort sikt. :(

UPDATE: Eg fekk ein ny epost frå Lom kommune i går ettermiddag:

Sitat
P.S: Fekk ein søknad frå Tesla no, så da er det kanskje håp.. Men eg tør ikkje love noko :)
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA