Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Emner - ThinkGeo

#1

Eg skulle rygge bilen inn i garasja i ein 90 graders sving i januar 2021.
Innkjørsla til garasja er berre 1 1/2 billengde frå vegen.
Mens eg var i svingen oppsto uventa alvorlig risting, eg reagerte på dette men håpte det gjekk bra.
Men, nei etter dette har ikkje bilen gått ein meter !

Forsikringsselskapet ga meg tilbake takstverdien av bilen minus tilbakekjøpesverdien av
"vraket". Det var i fylgje dei umulig å oppdrive analyseutstyr for bilen. Å sende han t/r til Asker + antatt reperasjonsverdi ville overskride takstverdien sa dei.

Det er ingen skader på bilen unnateke at han startar ikkje, ladar ikkje (i meir enn 2 sek.) og dei to gule lampane på bildet blinkar.

Du kan ikke vise dette vedlegget.

Varselstrekanten ved sidan av Power Limit lyser ikkje.
Den raude varselslampen for lavt nivå 12 batteri til venstre for PRNDE er på.(Nivået er 12.32V).

Eg har spurt ganske mange verkstadar her lokalt om dette problemet, men ingen viser seg
villege til å ta i ein så sær bil som Think City, norsk eller ei..

Forslag til å kome vidare med problemet ?
Caspar H anbefalte Worry som har forslått meg å skaffe programvare til PC + kabel til OBD inngangen.
Var dette Comtool, og kvar er ein slik kabel å oppdrive, skal det vere USB eller seriell plugg i eldre PC ?

ThinkGeo
#2

Har siste månadane blitt utsatt for ei så dårleg og grov behandling frå eit bilverksted, eller eit privat firma i det heile, som eg ikkje nokon gong før har blitt.
Eg er utan bil, Think City (nye), på tredje månaden, og dei to siste er Elbilmek sitt fulle ansvar.

Etter å ha fått eit problem med ladenivåindikatoren som raste nedover utan grunn like før nyttår, satte
forsikringsselskapet bilen på eit lokalt verksted. Dei kunne ikkje finne ut av feilen pga. at analyseutstyr ikkje var å
oppdrive lokalt, difor vart bilen transportert til Elbilmek i Asker.

I byrjinga av februar seier så Elbilmek at feilen skyldast fukt i batterikassa, pga. rustskade og inntrenging av vatn. Då seier forsikringsselskapet, trass i at eg har den beste forsikringa som er å oppdrive, at dei ikkje dekker skaden pga at dei definerer det som ei gradvis skade. Bilen var inne til ein annan reparasjon og 20.000 km service hos Elbilmek 13 månadar før denne siste feilen oppstod utan at dei rapporterte om noko slikt.
Eg sa til forsikringsselskapet at eg måtte tenke over dette over helga, om eg ville koste på ein reparasjon som ville kome på over kr. 20.000,-.
Men dagen etter ringer så Elbilmek meg ved teknisk sjef. Han er rett på sak og spør om eg vil ha bilen reparert ved å betale egenandelen på kr. 4000,- og forsikringsselskapet betaler resten. Eg seier då at eg fekk beskjed frå forsikringa dagen før at dei IKKJE dekkte skaden, har de fått annan beskjed? JA, seier han, vi har fått beskjed om at dei dekker skaden. "Så du kan få reparert bilen din til over helga ved å betale eigenandelen". Eg er jo heilt for dette, veit ikkje kvifor forsikringsselskapet har endra oppfatning, men reknar no at alt er i orden.

Så går det det 6 dagar, før eg blir kontakta av forsikringsselskapet som ville vite kva eg vil ha gjort med bilen min som sto der på verkstaden!? Då fortel eg om avtalen Elbilmek gjorde med meg veka før, og at bilen min nok no er reparert. Men selskapet seier at dei ikkje har endra oppfatning om å ikkje dekke reparasjonen!! Eg seier at avtalen om å betale eigenandel var det eg kunne bidra med, økonomien var dårleg, og det rasjonelle i å investere over 20.000,- ekstra på ein bil som kunne få liknande problem igjen snart, og som det allereie var investert likande summar i før, var svak. Forsikringsselskapet kontakta Elbilmek, som absolutt hadde reparert bilen, men sa dei ville omgjere reparasjonen (og det gjorde dei) om ikkje eg eller selskapet betalte heile reparasjonen.

Elbilmek (ved sentralborddama) påsto hardnakka overfor meg og forsikringsselskapet først at det det var EG som hadde bedt dei sette i gong reparasjonen. Deretter vart eg fortalt av teknisk sjef at det var "feil i informasjonen frå forsikringsselskapet" som gjorde at dei hadde gjort dette. Det siste er at dei påstår at dei har bytta om to ulike bilar. Fleire ulike versjonar. Ved alle dei fire tilfella eg har vore i kontakt med dei har dei slengt på telefonen når eg har prøvt å ordne opp i dette, og be dei forklare bl.a. kva dei meiner med "feil i informasjonen". Eg har blitt bedt om å få bilen min vekk derifrå snarast, og " at dei aldri vil ha meg som kunde igjen". Dette er altså monopolverkstaden på norges sin einaste seriproduserte bil som fekk Norge til å bli det fremste elbil-landet i verda... :-( . I påskehelga fekk eg så presentert eit krav om at eg skulle betale kr. 4500,- pr. månad for å ha bilen min ståande der! (Sjølv om dei vart informert om at eg skulle sende saka til Forbrukarrådet, men det tar desverre si tid.)

Eg oppfattar den avtalen som teknisk sjef gjorde med meg i byrjinga av februar som ikkje anna enn eit forsøk på grov manipulasjon, ved at bilen vart reparert, og feilinformerte meg om at det vart hovudsakleg dekt av forsikringa. Deretter så ville dei opplyse meg om at ei misforståing hadde oppstått, og då rekna med at eg ville likevel velge å betale heile eller mesteparten av kostnaden. Den einaste måten eg kunne få bilen på veien igjen...

Ingen forsøk på å kontakte dei ved epost eller telefon frå meg eller forsikringsselskapet si side til å stå ved den opprinnelege avtalen, eller kome til eit passeleg kompromiss har ført fram. Som sagt dei krever berre meir, eller at eg fjernar bilen snarast. Denne mangelen på kommunikasjon frå deira side, er vel forståeleg om hensikta er å dekke over kva og kvifor dei har gjort det dei har gjort her. Det tåler dårleg dagen lys. Å legge seg flat og ta sjølvkritikk synes å vere ukjente ord i deira vokabular.

Så er det slik vi altså skal bli behandla i Norge i dag, vi som var entusiastar for ein (nokså) moderne norsk miljøbil som vi gjerne såg rulla på veiane i mange år framover!? :-(

Såg gjerne at miljølandet Norge sørgde for at eit nasjonalt klenodium som Think vart ei nasjonalt prioritert sak som ga bileigarane akseptable forhold for sitt bileigarskap, og ikkje dette råtne lurveriet som tydeleg no har oppstått med Elbilmek. Nasjonaliser gjerne Elbilmek!
#3
Har framleis ein Think ladekabel til salgs.
(pr.  fredag ettermiddag 12. januar 2018)
Synes å vere heilt ok.
Kr. 3000,- inkl. forsendelse.

ThinkGeo
#4
I have a Lithium Think from 2010. A few days ago I noticed when starting the car that day, that the SOC-meter (the charging level at the very left) was at less than 10% when my trip recorder showed 58 km driven since last full charging - and I can drive at least 120 km from full charge at this time of the year.
I drove a couple of km, came back to the garage and the lamp showing low energy level down to the left starts blinking, supposedly meaning that I had only 1% or less and must stop to avoid damage to the battery!
I have charged to full level several times thereafter. The problem is: The SOC-meter operates normally once you are in movement on the road, but some seconds (about 10 seconds) after you stop the car the level starts dropping down like a stone. I have always turned off the car after seeing this. Once you start the car and start driving it will stay where it was, but if you don't drive within a few seconds it will start falling like a stone again. It even will continue to drop up to several tens of % after having turned off the ignition, then stops!
At first I thought, is there some process that actually drains all that electric energy out of the battery? But that would be of course very dangerous, where could it go, for instance into the body of the car..  :(
As I charge the car after having seen this, I soon noticed it charges up to full level very much faster than normal, probably the time it would take to charge the battery according to what usage the trip recorder says, the actual distance showing real usage. So it seems it's the SOC-meter that just for some reason is showing wrong values, the actual charging level can bee seen looking at the trip recorder knowing I can normally drive to 120 km from full charge.
But the problem is of course with the yellow blinking warning light for low energy level. The instruction manual says you should stop the the car to avoid damage to the battery once it starts blinking, and charge it when it comes on. Doesn't seem meaningful to follow the lamp, but CAN I really ignore it, can I take the chance of ignoring it every time, do I take take much chance doing this?
Is there a quick fix for this problem, and in what components does the error lie? Must I get a new SOC-meter or is the problem in the PCU, the main battery, even the 12 Volt battery??

ThinkGeo
#5
Har etterkvart oppdaga at min Lithium Think berre ladar regenerativt opptil ca. 15 km køyrt distanse
etter å ha fullada batteriet. Etter den tid er den regenerative ladinga minimal eller ikkje-eksisterande.
Ein merker det også på bilen, dei første kilometrane etter å ha fulllada bilen "flyt" han lett framover/nedover, mens ladeindikatoren går nesten opp til største grøne runding på målaren. Etter å ha passert ca. 15 km, ser ein knapt at ladeindikatoren rører på seg i det heile, og bilen føles meir som sirup når ein slepper gasspedalen.
Bilen går no på sommarstid max ca. 140 km. Vinterstid ca. 120-125 km, men køyrelengda skulle jo vere opptil 160 km.
Har då mistanke om at mankoen skyldes dette problemet med manglande regenerativ lading.
Er dette eit kjent problem, eller er dette noko som er nokså uvanleg?
Har det noko med Lithium-versjonen å gjere , eller er det også slik på enkelte Zebra-bilar?

ThinkGeo
#6

Alle kjenner til Elbilmek i Asker som vel tar alt av reparasjonar.
RøhneSelmer i Sandvika har vel overlatt alt til dei og tar ikkje Think lenger?

Som vestlending er eg interessert om det er noko verksted i Møre og Romsdal/Sogn og Fjordane/Hordaland som kan ta noko Think arbeid? Er det igjen noko i Bergensområdet, kjenner ikkje til noko.

I Stavanger har ein Elbilhjelpen som har mykje kompetanse på Think, men tar visstnok begrensa oppgaver. Der er også Bilkilden som tar ein del Think-relaterte reparasjonar, men ikkje alt.

Var i kontakt med US Car Clinic i Trondheim no nyleg, dei fortalde dei mangla ei datamaskin dei hadde brukt til diagnose, og tok no berre service og slikt. (Korriger meg om nokon har andre opplysningar).

Kva med resten av landet - Sørlandet, Indre Austlandet, Nord-Norge er det nokre verkstadar her som kan vere aktuelle?

Resten av Europa?

(Har sjølv "ny Think" (2008-), og er naturleg nok mest interessert i verkstadar som har kompetanse på den, men inkluder også verkstadar med kompetanse på Classic Think.)

ThinkGeo
#7
Det viser seg at eg har ein Calix vassvarmar (350V 4kW) i min Think. Varmen er borte, som gjer det ganske ubehageleg å køyre i vått og kaldt ver.
Les litt på andre trådar om Calix her. Det kan verke som den er heilt utfasa frå produsent/leverandør.
Kva var det som gjekk så veldig galt med dette produktet? Hadde ikkje den svenske fabrikken
snøring på problemstillinga, kanskje særleg dette med 350 V relativt luft i kjøleveska?
ThinkGeo
#8

Bør ikkje vere for falma i "lakken". Betalar portoen for den blå. Kan evnt. levere på Nordvestlandet.
Har den ytre delen med den svarte plata som er limt på innvendig. Festar til arma med to skruar.
ThinkGeo
#9
Hei,
Har tenkt å køyre over Strynefjellet no snarast, men det viser seg at det ikkje eksisterer ladepunkt for Think (vanleg hushaldningskontakt også kalla Schuko) frå sør for Otta til Søre Sunnmøre.
Type2-kontakt er langt meir vanleg, og det skal finnes ein overgang mellom hushaldningskontakta (Schuko) og Type 2.
Spurte på Clas Ohlson nettopp, men ukjent der. Kven sel slike særleg på sentrale Austlandet m/Oslo?
Ville vere særdeles nyttig å få fatt i ei slik snarast  :-\
Think Geo
#10
Hei,
Har ikkje prøvd å køyre over Strynefjellet med min elbil før. Nokså fersk med Think City.
Ser til mi undring på ladestasjoner.no at det faktisk finnes ingen ladestasjonar med vanlig norsk kontakt (Schuko) mellom sør for Otta og heilt til Søre Sunnmøre!
Er det mulig, korleis har denne manglande dekninga oppstått?
Ville vere særleg av interesse å vite om det finnes lademulegheiter for norsk kontakt (helst 16A) på Otta og Lom evnt. Bismo/Skjåk.
Helsing ThinkGeo
#11
Hei,
Som ny eigar av ein Think City 2010 (med Enerdel Lithium-batteri) har eg forsøkt å finne bøker som beskriver den tekniske oppbygginga av denne bilen. F.eks. slik som Haynes' reparasjonshandbøker.
Har søkt på nettet ganske djuptgåande, men finn ingen. Forklaringa må vel vere at det vart produsert relativt få av Think (ny og Classic). Ein kan finne enkelte ganske tekniske manualar for ulike delar av bilen, som er til ei viss hjelp. Men det beste ville vere ei bok som meir generelt beskriv dei ulike komponentane og delsystema av bilen og korleis dei fungerer. Spesielt interessant er sjølvsagt batteriet og dei elektriske/elektroniske funksjonane.
Om det ikkje eksisterer bøker (litt rart faktisk), eksisterer det då websider som går inn på dette med ei viss djupn i beskrivelsen av bilen? Kunne ha vore til stor nytte.
Er forresten batterihandboka for Enerdel Lithium-batteri tilgjengeleg på nettet?

Mvh ThinkGeo
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA