Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Emner - arnkl

#1
Elbilen i Samfunnet / EB er over oss
onsdag 25. september 2019, klokken 23:25
I følge framsida til elbilstatistikk.no så er dei to første EB bilane no registrert.

Samstundes er det faktisk registrert fleire bilar på EL 151xx !!
#2
CCS / ChaDeMo hurtigladere / Clever i Noreg
mandag 20. august 2018, klokken 09:43
Eg ser på einnsyn.no at Clever er i ferd med å etablere seg. dei har søkt SVV om dispensasjon frå byggegrenser på følgande stadar:

E6 i Midtre Gauldal kommune (Gnr. 88 Bnr. 1)
E39 i Lund kommune (Gnr. 24 Bnr. 235)
E18 i Lillesand kommune (Gnr. 13 Bnr. 61)

Det er mogeleg at dei bygg andre stader også, der dei ikkje treng dispensasjon frå SVV. Då vil ein ikkje finne noko i einnsyn.
#3
Elbiler i media / Ikkje akkurat Harry elbil
lørdag 19. mai 2018, klokken 22:54
Prins Harry og Meghan køyrde klassisk Jaguar som er ombygd til elbil.

Godt at Statens Vegvesen ikkje må godkjenne ombygginga :)

https://ftw.usatoday.com/2018/05/prince-harry-meghan-markle-royal-wedding-sports-car-jaguar-video-reception-video
#4
Det blir slutt på takstkaoset for elbilar på dei ulike ferjestrekningane. Frå 1. juli skal elbil betale 50% av eksosbiltakst uansett om det er riks- eller fylkesvegferjer.

Samstundes vert det opna opp for at elbilar må betale inntil 50% av bensinbiltakst i alle bomstasjonar. Dette krev lokalpolitiske vedtak.


Frå budsjettdokumentet:

Det er ulik praksis for taksering av nullutslippskjøretøy på riksvegferjesamband og fylkesvegferjesamband.  I tillegg er det forskjeller mellom fylkeskommunene. For å gi forbrukere større forutsigbarhet om nullutslippskjøretøyfordelene, inn føres følgende nasjonale regel med virkning  fra 1. juli 2018:

«Nullutslippskjøretøy skal ikke betale mer enn maksimalt 50 pst. av takstene for tilsvarende stort konvensjonelt kjøretøy på ferje. Taksten for nullutslippskjøretøy skal kunne rabatteres med ulike rabattordninger på lik linje med konvensjonelle kjøretøy.»

På riksvegferjesambandene trådte regelen i kraft 1. mars 2018.
#5
Elbilen i Samfunnet / Bilsalet stuper, men elbilsalet held stand.
tirsdag 27. februar 2018, klokken 17:23
Bilsalet i 2018 t.o.m. 23. februar har falt med nesten 30%. Salet av dieselbilar er ned 40% og elbilar 9,5%. Men av elbilstatistikk.no ser eg at elbilregistreringa i februar har vore svært stor dei siste dagane, så eg vil tippe det no er ein liten auke totalt når februar er omme.

https://www.dagbladet.no/nyheter/bilsalget-stuper/69559019

#6
Elbilen i Samfunnet / Trafikkskule med berre elbilar.
mandag 22. januar 2018, klokken 17:24
Eg ser at det i Bergen er starta opp ein trafikkskule som berre brukar elbilar i opplæringa. Er det noko som kjem til å slå ann?

http://elektrisktrafikkskole.no/
#7
Jada, klikkbaitoverskrift.

Det var ein eksosbil, der eigaren ville lade batteriet ved å la bilen stå på tomgang over natta.

Men "artig" at sjølv ein bilbrannartikkel der overskrifta skulle antyde elbil, også denne gang var om eksosbil.

http://www.tv2.no/nyheter/9619881/
#8
Elbilen i Samfunnet / Venstres alternative statsbudsjett.
mandag 06. november 2017, klokken 12:40
Oppsummerar endringsforslag som angår (el)bilistar.

* Elbilar framleis fullt fritak for eingangsavgift.
* Reverserar skatteauken på elbilar som firmabil.
* Flat omregistreringsavgift på 2000 kr for alle køyretøy. (Regjeringa ville fjerne den for elbilar)
* Fritak for elavgift for ladestasjonar, men elavgift for hushaldningar aukar med 1 øre/kWh.

* Auke avgift på diesel med 60 øre/liter.
* Auke NOx-komponenten i eingangsavgifta med 150 kr/g
* Auke CO2-komponent i eingangsavgift med 10% mellom 131 og 200 g/km, og med 25% over 200 g/km.
* Senke nedre knekkpunkt i CO2-komponenten frå 85 til 70 g/km.

* 150 millionar i tilskot til vare- og lastebilar med nullutslepp.
* 640 millionar i øyremerka ENOVA-midlar til utbygging av infrastruktur for nullutsleppsbilar.
   (Midlane kjem frå auken på 1 øre/kWh i elavgiften.)

Verbalforslag:
"Stortinget ber regjeringen etablere en nasjonal støtteordning for lading av el-biler i
borettslag og sameier i regi av Enova."

"Stortinget ber regjeringen på egnet måte stille krav om at alle større nybygg av
boliger skal ha elbillading tilknyttet parkeringsplasser."

Det blir intressante budsjettforhandlingar i haust :)
#9
Missunelsen er nok så stor at ingen politiker vil kunne forsvare at Mercedes-Maybach 6 Cabriolet bir fritatt for avgifter. Sjølv om det årlege salet (sjølv uten avgifter) sannsynlegvis vil vere einsiffra, og dermed ikkje bety noko for statens finanser.

http://www.tv2.no/broom/9305746/
#10
Model 3 / Er det ein Model 3 i Noreg no?
mandag 08. mai 2017, klokken 15:28
Den siste tida har eg sett to ulike personar hevde at dei har sett ein Model 3 i Noreg. Først i Oslo og no i Bergen. Kan det stemme, og er det nokon som veit noko meir?

Frå kommentarfeltet i denne artikkelen:

http://www.side3.no/motor/model-3-teslas-nye-folke-bil-lanseres-i-sommer/3423338597.html

"Jeg såg den 2 ganger i På Paradis i Bergen. Svart jeg tenkte først det var en modell x men nei "
#11
Model S 2013 - 2022 / Berre 2 Tesla vraka i 2016 ??
tirsdag 28. mars 2017, klokken 13:39
Eg ser på statistikken frå SSB ar det berre var 2 stk. Tesla som vart vraka mot pant i 2016. Det virkar veldig rart, då det ofte vert posta bilder om ulykker der bilane ser ut til å måtte kondemnerast.

Er det noko som veit kva som skjer med bilane. Blir dei eksportert og brukt som delar, eller er det ein annan forklaring?

https://www.ssb.no/statistikkbanken/SelectVarVal/Define.asp?MainTable=Bilvrak1b&KortNavnWeb=bilreg&PLanguage=0&checked=true
#12
Statkraft tilfører meir kapital til Grønn Kontakt og aukar sin eigardel til 41% og blir med det likeverdig partner med Agder Energi.

http://www.statkraft.no/media/Nyheter/2016/statkraft-investerer-i-gronn-kontakt/

Dette må vere svært godt nytt for elbileigarar. Eg har vore litt uroleg for at Fortum Charge & Drive skulle bli for dominerande på hurtiglademarknaden. No får Grønn Kontakt også meir kapital til å forsere utbygginga, og vi får to meir likeverdige aktørar på marknaden. Det bør gi ein viss konkurranse i framtida, og dermed lavare prisar.
#13
Elbiler i media / Kjepper i hydrogen-hjulene (Finansavisen).
tirsdag 04. oktober 2016, klokken 13:00
Andreas Scheel

andreas.scheel@finansavisen.no

PARIS: – Det hjelper ikke hydrogenteknologien at elbilene løser utfordringene med rekkeviddeangst, sier styremedlem i BMW, Dr. Ian Robertson til Finansavisen.

Svaret kommer under vårt intervju i etterkant av at bilprodusenter som Renault og Opel har lansert elbiler med henholdsvis 40 og 50 mils rekkevidde under den pågående bilmessen i Paris.

Tesla har riktignok allerede slike biler i porteføljen med helt opp mot 613 kilometers rekkevidde, men de er dyrere og mindre folkelige, spesielt i utlandet. Mercedes-Benz presenterte samtidig sin nye plattform EQ med rekkevidde på 50 mil og VW sin konseptbil I.D. med rekkevidde på opptil 60 mil.

– Vi går mot nullutslipp, og da er det viktig at Norge er et foregangsland for å vise hvordan teknologien kan fases inn, selv om incentivene må bort til slutt. Incentivene i Tyskland gjør at våre tredje generasjon plugg-inn hybridbiler øker salget, sier Robertson.

Enorm respons

En av de store overraskelsene i Paris var at Opels nylig annonserte Ampera-e oppjusterte rekkevidden fra de opprinnelige 40 til 50 mil ifølge den såkalte NEDC-standarden. Bilen kommer på norske veier til våren og adm. direktør Bernt Jessen hos Opel Norge har aldri opplevd slik respons.

– Vi hadde stor pågang da bilen ble presentert for to uker siden med 40 mils rekkevidde. Når vi nå avslører at rekkevidden blir hele 50 mil har pågangen vært enorm, sier han.

I løpet av noen uker har Opel og deres forhandlere fått et firesifret antall interessenter og et tresifret antall kontrakter, et halvt års tid før bilen kommer og før prisen er kjent.

– Med så lang kjørelengde blir rekkeviddeangst som begrep borte, og det vil stikke kjepper i hjulene for hydrogen, tror Jessen.

Hydrogen-tilhengere

Selskapet Hynor har allerede driftet fire hydrogenstasjoner i Norge og straks setter spaden i jorden for den første kommersielle stasjonen på Høvik utenfor Oslo. Daglig leder Ulf Hafseld er likevel realistisk når det gjelder utviklingen.

– Vi har alltid trodd at innfasingen av hydrogen ville ta tid og utviklingen vil muligens gå noe tregere nå, men vi er overbevist om at hydrogen- og elbiler er kompletterende. Akkurat slik bensin og diesel er i dag, sier han.

Også informasjonssjef Espen Olsen i Toyota Norge har tro på hydrogen, selv om kun tre eksemplarer av deres nye Mirai er levert til kunder.

– Vi registrerer at elbilene får lenger rekkevidde, men teknologiske forbedringer vil komme på hydrogenbiler også. Vi tror likevel på begge deler, og selv om Toyota ikke har sagt noe konkret om elbiler, er det enkelt å introdusere det når markedet vil ha det, sier han.

Liten andel

At 15 prosent av bilene registrert i Norge så langt i år er elektriske og 14 prosent er plugg-inn hybrid, betyr lite for den store verden, hvor mindre enn en prosent er ladbare.

– Vi tror at hybrid og plugg-inn hybrid vil være veien å gå mot mer elektrifisering. Når vi nå lanserer den nye Prius Plug-in Hybrid, vil den ha en elektrisk rekkevidde på 50 kilometer, et forbruk på 0,1 liter pr. mil og et CO2-utslipp på 22 gram pr. kilometer, sier Olsen.

Med batterioppvarming og varmepumpe vil bilen ifølge Toyota kunne kjøres elektrisk ned mot 20 kuldegrader og fortsatt ha god rekkevidde.

Det betyr enda flere kjepper i hydrogenhjulene.
#14
Godt nytt for dei som køyrer elbil med passasjer på E6 nord for Oslo.


Spørsmål

Janne Sjelmo Nordås (Sp): I norgåande retning er det i dag eit kollektivfelt på E6 Karihaugen - Olavsgård som EL-bilar ikkje har høve til å nytte.
Kva er årsaka til det, og vil statsråden opne feltet for EL-bilar?


Svar

Ketil Solvik-Olsen: På grunn av den pågåande tunnelrehabiliteringa i Oslo-området er det etablert mellombelse kollektivfelt langs E6 frå sør inn mot Oslo (frå nordenden av Nøstvedt-tunnelen i Akershus til Klemetsrud i Oslo), og langs E6 nord for Oslo (mellom Karihaugen i Oslo og Olavsgård i Akershus). Dette er kollektivfelt som er etablerte innanfor eksisterande vegareal, og som er noko smalare enn standard breidde i gjeldande vegnormalar. For å få til denne løysinga har det vore naudsynt å redusere noko på breidda på einskilde av dei andre køyrefelta på delar av strekningane. Kollektivfelta er skilta med tilgang berre for buss, med underskilt om at de ikkje er tillate for elbil.

Grunnen til at elbilar i dag ikkje kan bruke desse felta, er at dei er etablerte som eit mellombels tiltak for å sikre framkomst for bussen i ein situasjon der framkomsten i Oslo er vesentleg redusert som følgje av den omfattande tunnelrehabiliteringa.

Eg er kjend med at Statens vegvesen har hatt eit ønske om å sjå korleis løysninga fungerer før det eventuelt blir opna for annan trafikk i felta. Statens vegvesen har opplyst om at erfaringane no viser at framkomsten for bussane er god. Statens vegvesen meiner derfor at kollektivfelta kan opnast for elbilar med passasjer. Det vil derfor bli skilta på same måte som E18 inn/ut mot Oslo frå sør og vest. Dette betyr at felta blir opne for buss/taxi og med underskilt om at det også er tillate for elbilar med passasjer. Dette vil gi ein betre bruk av eksisterande vegareal og einsarta skilting. Dersom det skulle vise seg at bussane blir vesentleg forseinka som følgje av ei slik endring, vil det bli sett inn tiltak for igjen å sikre bussane høgast prioritet.

Eg støtter denne vurderinga.
#15
Elbilen i Samfunnet / 100 000 elbilar
torsdag 15. september 2016, klokken 22:57
I følge denne statistikken http://www.itanywhere.no/Stats.php så er det no registrert over 98000 elbilar i EL serien og nesten 5000 i EK serien. No er vel kanskje eit par tusen avskilta, men det skulle likevel vere over 100 000 elbilar i Noreg.

Bør ikkje det markerast?
#16
Elbilen i Samfunnet / Ol(j)a Borten Moe slår til igjen.
onsdag 24. august 2016, klokken 12:03
"En omlegging av rovdyrpolitikken, en mulig omkamp om subsidiering av el-biler, kraftige kutt i miljøbyråkratiet og endringer i virkemiddelbruken er blant tiltakene Senterpartiet vil lansere i sitt nye partiprogram, som legges fram i slutten av denne uken."

"De 5-6 milliarder kronene Norge bruker til å subsidiere elbilsalg kan i stedet brukes på skogpolitikk, mener han."

http://www.t-a.no/nyheter/2016/08/23/G%C3%A5r-til-angrep-p%C3%A5-klimapolitikken-%E2%80%94-og-advarer-samtidig-Ap-13227951.ece
#17
Elbiler i media / Krasjer aldri diesel- eller bensinbilar?
mandag 07. mars 2016, klokken 22:44
Når såg du overskrift "Dieselbil krasja"? Elbilar derimot...

Overskrifta på artikkelen er endra til "Trafikkulykke ved Lagunen". Men på framsida til bt.no står det framleis "Elbil krasjet ved Lagunen".

http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Trafikkulykke-ved-Lagunen-3556855.html
#18
Elbilen i Samfunnet / Er Senterpartiet eit anti-elbil parti?
mandag 30. november 2015, klokken 15:06
Eg fann følgande tre spørsmål frå SP til finansdepartementet i samband med budsjettarbeidet i år:

Spørsmål 383: (fritak frå eingongsavgift)
Kap. 5536 , post 71 Hva er provenyvirkningen av å oppheve avgiftsfritaket for elbiler? Jeg ber om lovteknisk bistand til å utforme et slikt forslag dersom det er nødvendig.

Spørsmål 384: (redusert sats på årsavgift)
Kap. 5536 , post 72 Hva er provenyvirkningen av å oppheve avgiftsfritaket for elbiler? Jeg ber om lovteknisk bistand til å utforme et slikt forslag dersom det er nødvendig.

Spørsmål  385 (mva-fritak)
Kap. 5521 , post 70 Hva er provenyvirkningen av å innføre generell sats for elbiler? Jeg ber om lovteknisk bistand til å utforme et slikt forslag dersom det er nødvendig.

http://www.statsbudsjettet.no/Statsbudsjettet-2016/Budsjettsporsmal/

No vart ikkje noko av dette teke med i det alternative budsjettforslaget til SP (der er ikkje elbil nemt med eit ord!), men ein bør merke seg at partiet leikar seg med slike tankar.
#19
Statoil F&R og Grønn kontakt skal samarbeide. Inntil 50 hurtigladarar på Statoilstasjonar. Renault bidreg til 100 semihurtigladarar mot eit års gratis lading for Zoe.
   http://gronnkontakt.no/gronn-kontakt-inngar-avtale-med-statoil-og-renault-om-utbygging-og-drift-av-ladestasjoner-for-elbiler
#20
Ketil Solvik-Olsen har tidlegare vore temmeleg vag når det gjeld elbilar og elbilinsentiv. På ein side trekk han stadig fram elbilar som ein del av løysinga på CO2-utslepp frå vegtrafikk, men samstundes virkar han ikkje alt for ivrig i å gi elbilar bedre vilkår enn eksosbilar. Mens han stadig vekk legg ut bilder der han køyrer ulike "verstingbilar", så har eg aldri sett han avbilda i ein elbil.

Det er derfor interessant at han skal besøke Tesla-fabrikken under sitt besøk i USA komande veke.

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/samferdselsminister-ketil-solvik-olsen---besok-til-seattle-san-francisco-og-california-17.-20.-november-2015/id2460656/
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA