Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Emner - Hamiso

#1
Det blir eit spørsmål om å vere eller ikkje vere nå for ein Citroen C-Zero, kjøpt seint 2012, køyrd omlag 150.000 km.
Har hatt problem med gir ei stund, å få den i "drive". Og i løpet av siste vinter vil den heller ikkje starte ("plinge"). Får opp følgjande feilmeldingar frå diagnoseverktyet, som ikkje lar seg slette:

"Electric vehicle management ECU - Fault 1" og "Fault 2"
"Instrument panel -- meter - Fault 1"

På instrumentpanelet lyser gult lys med bil/utropsteikn og batteri.

Har tidlegare skifta 12-voltsbatteri, som har vore vedlikehaldslada til nå.

Bilen var direkteimportert og er prega av mykje rust på undersida. For to år sidan blei bremserøyr skifta, så det er i alle fall i orden.

Eg trur det kanskje er enkle grep som skal til for å få vekk feilmeldingane, som skifte av sikring e.l. Skulle gjerne ha lært meir om fiksing av ein slik bil. Dermed kunne det kanskje ha vore ein bil som framleis kunne blitt brukt til korte turar. Synes 150.000 km er kort levetid for ein bil.
Så eg lurer på om det er nokon som har moglegheiter til å ta ein tur til området Eidsvoll og sjå på den, og vurdere om det er liv laga?
Hadde vore interessant å formidle eit overlevingsprosjekt i denne gruppa.
Vennleg helsing;
Halvard
#2
Mitsubishi i-Miev / Citroen C-Zero / Peugeot iOn / Gir og smøring
tirsdag 01. desember 2020, klokken 13:04
Veit det er mange postar om girproblem med trillingen, og diverse løysingar.
Mitt problem er litt annleis, trur eg.
Hadde nokre feilmeldingar tidlegare som eg fekk bort ved hjelp av eit analyseverkty.
Men litt seinare fekk eg ikkje satt giret i "drive". Har spraya girvelgaren under bilen i lang tid med 5-65, men ikkje fått noko betring med det. Tenkte at det kanskje er noko som må justerast eller strammast?
#3
Har problem med å bruke ladarane til "Lade i Norge" som Nes kommune tilbyr på Årnes, på vår 2012 C-Zero.
Har registrert rfid-kortet (Elbilforeningen) i "Lade i Norge", support i "Lade i Norge" bekreftar at dei har registrert at ladekabel er plugga i bilen, dei har til og med krevd betalt, basert på antal minutt ladekabelen var plugga i (men fjerna kravet etterpå). Det er berre at ladinga aldri startar. Andre elbilar, til og med andre trillingar, ser samstundes ut til å få lade utan problem.

(Oppdatert:) Har stort sett ikkje opplevd problem med lading andre stader. Det vil seie; ladeboksane på Jessheim storsenter har etterkvart blitt noko kranglete. Sist gong rapporterte kona at det byrja å lade, så stoppa det, fleire gonger. Så kom det eit gult varselikon på skjermen i bilen. Men ved å bytte til andre ladeboksar fann ho til slutt ein som fungerte. Så er det desse nye sakte-betal-ladeboksane som er problemet? Fryktar at desse boksane skal øydelegge ein elles velfungerande bil.

I forhold til Årnes og support i "Lade i Norge", så har eg gitt opp dei. Deira enkle forklaring er at det har gått ein sikring, og at det er Nes kommune som må ordne det...Grei måte å kome seg ut av eit slitsamt ansvar.

Så det ser ut til at det er eit eller anna mellom akkurat vår bil og desse ladarane, eller betalingsløysinga til "Lade i Norge". Sender dette ut her i alle fall, og håpar at nokon kanskje har ei god forklaring/løysing.


#4
Det er kanskje fordi eg har vore forskåna for så mange verkstadbesøk, men stussar over pris når Mekonomen på Årnes tilbyr;
-Skifte av hjullager, eitt hjul,
-kontrollere bremser
-4hjulskontroll
-skifte vinterdekka framme
kr. 7.400,-

Dekkskifte er ikkje så gale; 750,- pluss arbeid kr 500,-
Hjullager derimot; 1.850,- pluss arbeid 2300,- bremsekontroll 500,- og 4hjulskontroll/hjulstilling 1500,-
Prøvde meg i mittanbud.no, og fekk eit par tilbod ved Skedsmo på over 8 og 9000,-

Men det er kanskje det det kostar? Eller er det nokon som kjenner andre verkstader i Øvre Romerrike som er billegare og samstundes bra?
#5
Lade hjemme / Tesla Wall Connector eller ladeboks via elbilforeningen
tirsdag 16. oktober 2018, klokken 14:29
Ser på elbilforeningen sitt tilbod om forskjellige ladeboksar inkludert montering.

Ventar på ein Tesla Model 3, og har frå før ein Citroen C-Zero som får fortsetje som elbil nr. 2.

Tenkte i utgangspunktet å setje opp to kursar, Tesla Wall Connector og ein annan ladeboks, muligens ein Zappi (https://www.yourvismawebsite.com/elbilhjelpenno-as/shop/product/zappi-ladestasjon-med-5m-ladekabel-type-1?tm=ladestasjoner/med-kabel-og-type-1-pistol).
Rimelegaste elektrikar eg har funne kunne gjere arbeidet for omlag 25.000,-. Så kjem to ladarar i tillegg, omlag kr. 10.000,-

Det rimelegaste tilbodet frå elbilforeningen er omlag 12.000,- inkludert montering for èin ladar.

Kva alternativ ville de ha valgt?
-To ladarar via elbilforeningen (vil montør kunne utføre det samla arbeidet rimelegare for to, eller er det uansett dobbel pris?)
-Tesla Wall Connector og ein av dei andre ladeboksane (der montør evt. klargjer for Tesla-ladaren)
-Evt. èin felles ladeboks med to uttak?
#6
Mitsubishi i-Miev / Citroen C-Zero / Peugeot iOn / Tomt batteri
lørdag 04. mars 2017, klokken 20:50
Hei!

Lenge sidan eg har vore innom her. Men er framleis lukkeleg eigar av ein trilling.
Det vil seie; har omsider fått den ultimate erfaringa med å gå tom for straum ein sein, snøtung kveld.
Ein er jo ikkje skikkeleg elbilist før ein har hatt den erfaringa, minst ein gong. Kan eg prøve meg på å påstå.
Meir om den opplevinga her:
http://reisetankar.blogspot.no/2017/03/tomt-batteri.html

Lev vel!
#7
Har sett litt etter ei trillinggruppe på Facebook, men har ikkje funne noko.
Er det ikkje noko slikt?
Burde me ikkje hatt det?
Det er jo fint her på forumet òg. Men de veit; det gjeld jo å følja med i tida...
#8
Elbilen i Samfunnet / Me har blitt heilelektriske
lørdag 30. januar 2016, klokken 10:52
Familien har tatt eit viktig steg denne veka;
Dieselbilen er selt. Og igjen står me med ein liten Citroen C-Zero.
Forklaringa er økonomisk; Me har for tida berre ei inntekt. Og ein fossilbil er dyrt, med diesel, bompengar og service. I fjor måtte me ut med over 15.000 for reparasjonar. Nye 8.000 måtte blitt investert viss me framleis skulle hatt den. Nå unngår me dessutan over 3000 i vegavgift, garanti, diverse.

Seksåringen i huset er noko uroleg for at elbilen nå skal kjenna seg einsam ute i garasjen. Og det er jo to materielle ting me gjerne knyter kjensler til; hus og bil.
Me bur langt ute på landet. Barnehagen ligg ei mil den eine retninga. Jobben min ei mil den andre. Seksåringen si trening; tre mil unna. Hytte, forretningar og fasilitetar; alt ligg fleire mil unna. Og den siste tida med ekstremkulde har gjort køyringa noko utfordrande med C-Zero-en.
Ikkje minst har det blitt vanskeleg etter at dei som driftar bygningane på jobben har nekta oss elbilstar å lada der. Fordi dei har funne ut at dette er "ekstremt brannfarleg".

Nokon ny fossilbil blir det aldri meir hos oss. Sykkel og buss skal brukast hyppigare. Enkelte ting må innimellom avlysast, dersom bilen ikkje er tilstrekkeleg lada. Skulle me ha behov for å bruka tilhengaren, satsar me på å få låna ein bil den dagen. Og me har etter kvart erfart at det meste går, berre me innrettar oss. Det å endra på gamle vanar og innbilte behov er vanskeleg, men det går.
Reint praktisk hadde det absolutt vore greitt med to elbilar nå; helst ein ekstra elbil med betre rekkevidde. Og med tida håpar me at det går.

Uansett; Det kjennest lettande at me har blitt kvitt endå ein forbrenningsmotor, og at me nå kan kalla oss "heilelektriske". 
#9
Alternativ energi / Fortum med solceller
tirsdag 27. oktober 2015, klokken 21:49
Er dette eit bra tilbod?
Noko som må betalast i tillegg?

http://www.fortum.no/privat/sol/solcellepakker-fra-fortum/

https://youtu.be/PTXGJqaUrkw
#10
Enkle batterispørsmål / Kvifor ikkje 40-50 kWh nå med ein gong?
lørdag 24. oktober 2015, klokken 10:07
Ein ting eg aldri har forstått, er kvifor bilprodusentane ikkje lanserer ein elbil med batteri på 40 til 50 kWh her og nå, og dermed muligens kan få bilar som oppnår ei rekkevidde på rundt 300 km.
Alle ser ut til å sikta seg inn på tidsrommet 2017-18. Men er ikkje batteriteknologien klar allereie nå?

Me har eit digert gap mellom stor Tesla og dei andre, mindre elbilane som verkar merkeleg på meg.

Eit nærliggande svar kan vera at den auka vekta på batteriet svekkar rekkevidda. Men når me ser resultatet av 85kWh på ein Tesla, så skulle vel det gå bra?
Ein annan ting er prisauke med større batteri. Men eg får ikkje det til å rima heller. Vil ikkje ein del vera viljuge til å betala ein stad mellom 300.000 og 400.000 for ein slik rekkevidde?

Så er det ei naturleg forklaring på kvifor ingen lagar elbilar i dag med batteri på 40 til 50 kWh?
#11
Har nokon høyrt om dette? Fått noko liknande tilbakekalling?

Mitsubishi i Nord Amerika kallar tilbake 13.500 Mitsubishi iMiev og Mirage mellom 2011 og 2013 pga feil med airbagsystemet.

https://transportevolved.com/2015/10/12/mitsubishi-recalls-certain-2012-model-year-i-miev-electric-cars-for-faulty-airbag-system/
#12
Mitsubishi lanserer nytt elbilkonsept; eX på Tokyo Motor Show i månadsskiftet.
Suv, 45 kwh batteri, firehjulsdrift, 400 km rekkevidde, "augmented reality" i frontruta og andre sprelske idear.
Ikkje godt å seie kor realistisk eller langt framme alle ideane er. Men at bilkonseptet blir presentert på bilutstillinga er jo noko. Og det er vel å håpa at det skjer noko hos Mitsubishi, snart.
Har lagt ut bilete og skrive om dette i bloggen.
#13
Mitsubishi i-Miev / Citroen C-Zero / Peugeot iOn / "Null hull!"
mandag 28. september 2015, klokken 19:50
Var på EU-kontroll med C-Zero-en i dag.
Det er ein 2011 mod., kjøpte den i 2012 og har hatt den i omlag tre år nå. Den har køyrd nestan 60.000 km. Den har vore inne på verkstad og fått utført eit par (fabrikksgaranti) kampanjar tidlegare. Men elles er det ikkje gjennomført nokon service på den.
Og status på EU-kontrollen: Godkjent og ingen feil.
Trilling er tingen!
#14
Elbiler i media / Elbilfilosofi om framtida
lørdag 19. september 2015, klokken 10:36
Det pågår ein spanande debatt blant marknadsanalytikarar i USA om framtida for bilismen, og særleg elbilismen.
På den eine sida er analytikar Adam Jonas i finansieringsbanken Morgan Stanley som stadig har vore ute med ein teori om at folk etter kvart vil slutta å eiga sin eigen bil, og heller bestilla og bli frakta i førarlause, elektriske bilar. Jonas meiner at elbilen passar perfekt til ei stor, nettbasert endring i transportmønsteret, der blant andre Tesla viser vegen med vedlikehald og oppdatering over internett.
På den andre er analytikarar i Citi, som representerer forsikringsbransjen, og som meiner at det framleis vil vera behov for eigne bilar, særleg i utkantane, fordi dette er mest praktisk, skriv Business Insider; http://www.businessinsider.com/tesla-and-future-of-driving-2015-9

Me ser vel uansett ei endring frå "kvar mann sin eigen bil" og ei retning mot meir bytteøkonomi og samarbeid mellom større grupper ved hjelp av sosiale medier og tenester som Ladekameratene, Uber, Bilkollektivet og Nabobil? Og elbilen kan bli ein pådrivar for denne utviklinga.
Har skrive ein del meir om dette i bloggen.
#15
Elbiler i media / Ny Tesla Roadster i 2019
tirsdag 15. september 2015, klokken 14:08
Er det kjent for interesserte at Tesla planlegg ein ny Roadster i 2019?

Blei litt overraska då eg kom over at dette vart omtalt i ein del internasjonale medier så langt tilbake som i juli i år. Men har ikkje registrert at det har stått noko om det i norske medier.
Dette blei nemleg uttalt i ein bisetning i bloggen til Elon Musk i sommar; http://www.teslamotors.com/blog/three-dog-day Det spesielle er òg at Musk varslar at denne bilen skal bli raskare enn Ludicrous. Har skrive litt om dette i bloggen min og satsar på at det er nytt for oss på berget.
#16
Elbiler i media / Identiske 90 kwh Tesla batteri?
fredag 11. september 2015, klokken 14:54
Ein brukar i amerikanske Tesla Owners Club har publisert bilete av undersida på to Tesla. Den eine var ein P90D Ludicrous medan den andre var ein 90 kwh utan Ludicrous. På klistremerka til batteria fann brukaren identiske delenummer. Han spør seg då om batteria på dei to bilane er heilt like, og om alle 90 kwh batteri er klargjorte for Ludicrous. Altså om det berre skal ein programvareoppdatering til for å gjera bilen "ludicrous" eller "latterleg" med ein akselerasjon frå null til hundre på 3,0 sekund.
Ei oppgradering til Ludcrous kostar nemleg i Noreg 76.000 kroner. Og det er vel temmeleg dyrt for ei programvareoppdatering?
Er det Tesla-eigarar her i landet som har oppgradert til 90kwh og Ludicrous som har erfaringar med dette?
#17
Prisen for å skifta batteri på Tesla Roadster er klar.
Og vurdering av batteriskifte på andre elbilar:
http://lektrisk.blogspot.no/2015/09/batteriskifte-pa-tesla-roadster-vil.html

http://lektrisk.blogspot.com
#18
Helgelektyre:

Spionfoto av neste års Nissan Leaf i bronse?
http://lektrisk.blogspot.no/2015/09/nissan-leaf-2016-i-bronse.html

Video av mann i England som klarer å fly ved hjelp av mange droner.
http://lektrisk.blogspot.no/2015/09/elektrisk-flytur.html

http://lektrisk.blogspot.com

#19
Leaf 2010-2017 / Spionfoto viser neste års Nissan Leaf i bronse?
lørdag 05. september 2015, klokken 14:34
Spionfoto viser Nissan Leaf i uvanleg farge, og indikerer at det kan vera første bilete av neste års modell.
http://lektrisk.blogspot.no/2015/09/nissan-leaf-2016-i-bronse.html

http://lektrisk.blogspot.com
#20
Andre elektriske doninger / Elektrisk flytur med mange droner
lørdag 05. september 2015, klokken 12:48
Engelskmann har laga sin eigen, flygande farkost av mange droner og ei ramme.

http://lektrisk.blogspot.no/2015/09/elektrisk-flytur.html

http://lektrisk.blogspot.com
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA