Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - Einride

#1
Model Y / Sv: Strømuttak i bagasjen
mandag 19. juni 2023, klokken 14:42
Står litt meir data om batteribeskyttelse i manualen til 45-literen hos Thansen, tippar det er ganske likt for dei andre modellane i same serie.

https://cdn.thg.dk/DAT/Files/40342.pdf (side 6 i manualen, 4 i faktisk sidenummer i PDF).
#2
Kia e-Niro 2019-modell lada i alle fall fint på både Rygge og i Hokksund for eit par veker sidan. Det var riktignok eit par ladestolper som ikkje fungerte på Rygge, men flytta oss til ein annan der og då starta ladinga fint.

Med den bilen er selvfølgelig ladefarten ganske begrensa (makser ut på ca 77 kW), men med såpass lavt forbruk så var ikkje lading noko hinder for vår del. Me trong fleire (eller lengre) pausar enn det trengtes lading.

Ingen som helst aning om desse to er v2 eller v3, det får Tesla-folk svare på.
#3
Kia Niro EV / Sv: Ny Kia teaser
tirsdag 05. april 2022, klokken 10:02
Frunk og 750kg hengervekt er bra, sjølv om hybrid-utgåva visst nok skal klare 1300 kg hengervekt...

Omtrent samme batterikapasitet, men å ha nesten same totale ladetid er derimot for dårlig i 2022. Prismessig blir den nok farlig nær ID4 og andre konkurrenter i tilsvarande prisklasse, inkludert deira eigen EV6.

Det blir neppe ein ny Niro hos oss med mindre dei prisar denne svært godt.
#4
Kia Niro EV / Sv: Skiboks til E-Niro
torsdag 27. januar 2022, klokken 14:27
Har ein Packline NX 215 på vår 2019 e-Niro. Den passer bra på bilen og du får plass til nesten alle typar ski med unntak av dei aller lengste fjell- og langrennsskia. Eg har den plassert slik at den ikkje kjem i konflikt med bakluka sjølv om denne er heilt open, og då er boksen ikkje synleg for førar når ein køyrer.

Boksen har relativt god plass, men er av den litt flatare typen, så større ting som barnevogn kan jo kanskje vere litt utfordring å få plass til. Boksen har vore benytta både sommar og vinter, og er godt nøgd med den ekstra lagringsplassen den gir.

Forbruket er i snitt ca 10% høgare med takboksen montert enn utan, litt avhengig av vêr, vind og type veg.

Det ser ut til at denne boksen no heiter Twin XL, men ser ut til å vere heilt lik både på utsjånad og mål: https://www.packline.no/produkt/nx-twin-xl/
#5
SitatJeg er veldig imot bompenger, men jeg tenkte lite på konsekvensene da jeg stemte FNB. For hvis de havner sammen med dem som vil ha bompenger, så klarer de kanskje ikke gjøre så mye.

::) :laugh:

Og der har du mest sannsynlig tankegangen (eller mangel på) til resten som stemte på eit parti som kun har bompengar som sin kampsak...
#6
Kia Niro EV / Sv: Går du for Tesla Model 3 i stedenfor e-Niro?
mandag 08. juli 2019, klokken 10:06
Enig. Har òg hatt ein Kona, og der var det i praksis berre kona som hadde god nok plass til å sitte (komfortabelt) i passasjersetet når me hadde bilstol i setet bak (Concord Reverso, tar mykje plass). I e-Niroen er det overraskande mykje betre plass. Bagasjerommet er også litt større, men det er plass i baksetet me merkar mest forskjell på.
#7
Hyundai KONA / Sv: Hjulstøy-Hva kan gjøres?
torsdag 04. juli 2019, klokken 12:56
Ja, trur Nexen-dekka er skuld i mykje av det, men neppe alt. Støydemping er nok ein av tinga Hyundai har spart på for å få ned prisen på bilen. Om du har piggfrie vinterdekk kan du trøste deg med at det blir ein voldsom forbedring til vinteren... ;D

Har solgt Konaen til fordel for ein Kia e-Niro, og her er støynivået hakket bedre. Den er levert med Michelin Primacy 3. Fortsatt litt støy, men ikkje så plagsomt irriterande som på Kona. Men gjenstår å sjå neste vår korleis overgangen frå piggfritt til sommardekk igjen blir :)
#8
Alt det andre / Sv: Hydrogenstasjonen i Sandvika sprengt i lufta
lørdag 29. juni 2019, klokken 09:02
Kan sjå ut til at det er litt vel høgt tal?

https://www.researchgate.net/publication/282804528_Analysis_of_high-pressure_hydrogen_and_natural_gas_cylinders_explosions_through_TNT_equivalent_method

Ein forskningsartikkel som tar for seg dette ved eksplosjon i (sylinderforma) gasstanker. Ikkje fått tid til å lese gjennom alt, er på veg ut dørene. Men kapittel 4, tabell 4 har litt tall på dette:

https://i.imgur.com/SS4MgQx.jpg
#9
Polestar 2 / Sv: Infomail fra Polestar - jammen ikke mye info
lørdag 25. mai 2019, klokken 18:52
500 km etter WLTP er vel foreløpig med forbehold, men enig med deg i at det virker noko urealistisk. Tippar faktisk rekkevidde etter WLTP blir rundt 450-480 km, meir enn det ser eg som rein bonus. Så prøver dei kanskje å ro litt ved å seie at «low cycle» for WLTP gir >500 km rekkevidde  :P

Hyundai Kona har 449 km rekkevidde etter WLTP (nedjustert litt etter lansering), og med 64 kWh tilgjengelig (?) gir det snittforbruk på ca 142,5 Wh/km.
#10
Sitat fra: KjellG på mandag 29. april 2019, klokken 19:01
Frem til 1071 kunne en se hvor bilen var registrert

Var vel flest slike bilar på den tida, kanskje?  :D
#11
Zoe / Sv: Oppdatering av R-link fungerer ikke...
søndag 14. april 2019, klokken 20:46
Sitat fra: lilleblå på søndag 14. april 2019, klokken 20:13
Det er en 16 GB, og det kan jo være at Renault bare støtter feks maks 8 GB.

Eg brukte ein 32 GB minnepenn, så det er definitivt ikkje ein begrensing på 8GB, i alle fall. Prøv å formatere minnepennen igjen med FAT32 og kopier fila over på nytt? Kanskje prøv å gi den eit nytt navn, for å sjå om det kan trigge noko i R-Link? Eventuelt berre prøve med ein anna minnepenn.
#12
Zoe / Sv: Tom Tom updatefor R-Link to install before April 2019
onsdag 03. april 2019, klokken 20:16
Eg prøvde igjen nokre dagar seinare (riktignok med ei anna minnepenn). I tillegg sat eg i bilen medan den oppdaterte denne gongen. Det gjekk heilt fint, så den er oppdatert no.
#13
Hyundai KONA / Sv: Livet sammen med Kona
fredag 22. mars 2019, klokken 09:26
Konaen er heilt ubrukelig på å redusere hjulspinn ved akselerasjon, spesielt frå stilleståande og lav fart. Då spinner bilen alt for lett, og det burde dei klart å kontrollere betre etter mi meining.
#14
Hyundai KONA / Sv: Kone trøbbel (Samletråd for issues med Kona)
torsdag 14. mars 2019, klokken 09:33
Sitat fra: Woffser på onsdag 13. mars 2019, klokken 22:52
4.
Forward  Collision-Avoidance Assist  (FCA/FCW)
Når skal denne virke.? 
Senest i dag holde jeg på å smelle inn i baken på en bil foran da den stoppet brått.
I etterkant prøve jeg å provosere den til å bremse i kontrollerte former uten å lykkes.
Den var satt til "Normal", jeg justerte den til "Early" uten virkning.

Denne har varsla eit par gonger hos meg, ein gang ved vanlig køkjøring der bilen foran bremsa opp ganske kraftig. Eg fekk berre eit pipande varsel, eg bremsa ned sjølv (bilen foran var ikkje så veldig nærme at det var snakk om bråbrems). Ein annan gong trigga den når eg tok igjen ein buss som holdt på å stoppe i ei busslomme. Då peip det voldsomt i bilen til tross for at bussen ikkje låg i feltet foran meg.

Bilen bremsa ikkje sjølv i nokon av desse tilfella, og har ikkje tenkt å prøve ut om den faktisk bremser sjølv med det første :)

Eg har ikkje endra på innstillingane for denne funksjonen, men antar at den står på "Normal" som standard.
#15
Elbilen i Samfunnet / Sv: Elbilsalget måned for måned
lørdag 09. mars 2019, klokken 09:40
På ein drøy månad har Model 3 tatt igjen totalt sal av Hyundai Kona, som har hatt eit ~6 mnd forsprang. Seier litt om kor lite leveringsvilje det egentlig er hos Hyundai-konsernet (Kia eNiro blir vel neppe betre tilgang på heller).
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA